T Bakketeikn

Har du nokon gong sett ein T på landing? Om du ikkje var rusa var det nok eit
bakketeikn

Paragliding og fallskjerm er dei store luftsportsaktivitetane på Voss, og nokon gonger deler vi området for aktivitet. Då kan det vera greitt å vita litt om korleis “dei andre” operer.

T ligg under den generelle nemninga «bakketeikn», som indikerer landingsretninga alle fallskjermhopparane skal landa i. Hoppfeltleiar legg ut teiknet i hht. vindretning og landingsplass, og T-en er oftast kvit eller raud. Han indikerer òg for hoppmeister eller pilot i flyet at det er klart for drop om ein til dømes ikkje skulle ha radiokontakt mellom bakke og fly. Om bakkemannskap då vil kansellera hopping kan dei ta bort T-en, og flyet må returnera til flyplass. Om ein lèt T ligga utan toppen, dvs berre som ein I, betyr det avvent drop eller mellombels hoppforbod.

Altså:

- Når T er ute fullstendig og kan lesast som ein T, er det klart for hopping og landing på det aktuelle området T-en ligg.

- Ein landar i den retninga ein kan lesa T-en (“nedanfrå”). T-en blir lagd slik at vinden blåsar mot toppen av T, og ein landar mot vinden.

- Fjernes toppstreken i T-en til ein “I”, betyr det at hoppingen er mellombels utsett.

 

Er T ute vil alle måtta vika for kvarandre. Sidan fallskjerm og paraglider har så ulikt flymønster, må det visast spesielt stor aktsemd når vi deler landingsfelt. Det beste kan vera om ein paraglider vel alternativt, sikkert landingsområde. Vis omsyn!