stefan-palmquist-speedriding-hanguren.jpg Foto: Stefan Palmqvist

Hanguren stengt til 1. aug pga. sprenging og arbeid med nye gondolen.

Høgde over havet: 620m
Høgde over landing: 570m
Høgdebegrensning: 2895 m
Retningar:
Siste flyturer på Flightlog.org»
NOAA ready meteogram »
Turstatistikk Hanguren flightlog.org »

 

 

 

 

 

 

Open during the Extreme Sports Week. Closed the rest of the season. During the Extreme Sport Week, follow the marked path from the express lift top station heading south.
Have fun!

Hanguren is maybe the most legendary launch in Norway. Transportation is by express lift in Bavallen, Voss Resort, and then marked track towards south from the top station. Landing is by the Minigolf og by the Kulturhus (Voss culture senter). The launch is a grassy hill with nice steepness, perfect for tandem launching. Be aware of the afternoon sea breaze which may cause difficulties when coming from the west. Watch the lake for signs of strong wind. Also, be aware when the wind is from the east, it’s often unpredictable. Do finals over dry land.

Hanguren ca 620 moh startretning sør er den mest brukte flystaden på Voss. Landing ved minigolfen. Starten er ein fin gressbakke med passe helling, og går over i ein markert kant med småskog under. Den sørvendte fjellsida gjev fin termikk frå mars-april til september. I juni kan solgangsbrisen bli markert og gje sidevind på start. Kva tid på dagen brisen kjem kan variere mykje. Dagar utan vind, andre dagar alt frå tolv-eitt-tida, så kom gjerne tidleg. Følg med på Vangsvatnet  om vinden drar på, skumtoppar eller svarte råser er obs-signal, det kan snu fort til sterk vind. Erfarne kan også starte frå Hanguren ved svak austavind på le-termikk, men det kan då vere lumskt utanfor start, og på landing. Det er ein akseptabel liten halvtime å gå til aust-staarten på Bavallstoppen. Gå opp bratta langs T-trekket, det er flatt frå bakketoppen til Bavallsstarten. Flyg ikkje over vatnet i austavind, og hald deg over land ved finalen, det kan bli bråstopp over muren. I austavind er det best å lande på Grandane, flaten bort mot elva, heller enn i turbulens bak alléen ved Minigolfen. 

Meteogram Hanguren

Termikk

Både vår og sommar gjev fin termikk hpå Hanguren. I mars og april, når det er berrt i lavlandet og snø i fjellet, ligg det ofte ei stor cumulus over Hanguren som resultat av varmluft som drenerer fra Hanguren og Bavallen samstundes. Termikksøyla er gjerne fleire hundre meter i diameter, så det er enkelt å ta termikken og skru seg opp sjølv for uerfarne pilotar. Mange ferske pilotar har fått sine første besøk i skybas frå Hanguren om våren.

Tidleg på dagen slepp termikken til venstre for start,- mot aust, så det kan løne seg å ta eit sveip den vegen. Du vil ofte finne ei boble som står frå venstre hjørne av start og følger stolheisen opp kollen bak deg. Eit anna triggerpunkt som virker seinare på dagen ser ut til å vere den øverste masta til Hangursbanen du ser på kanten litt til høgre for start. Denne bobla står ofte rett over uterestauranten på Hangurskaféen. Om ettermiddagen, viss ikkje solgangsbrisen er for sterk, er det ofte termikk å finne i hogstfelta vest for Hangurskaféen.

Tilkomst

Når heisen ikkje går kan du gå sjølv, - opp til start. Det er god sti fra muséet på Mølstertunet. Du må rekne 1-1,5 timar med 20 kg pg på ryggen.

Eit betre alternativ er å køyre skogsbilveg frå Bavallen, når denne er open og tilgjengeleg via hyttefeltet nedom Bavallstunet. Vegen sluttar i granfeltet under Hanguren. Rekn 30-40 minutter opp til start herfra.

Ferdigstilling av nye Hangursbanen med åpning av banen er planlagt sommaren 2019.

Landing

Hovudlanding for Hanguren er "Minigolfen" i sentrum, ved Vangsvatnet, som også er samlingsstaden for pilotane. Denne fungerer greit på vestavind, som er den dominerande vindretninga om sommaren på grunn av solgangsbrisen. Men på austavind er landinga her mindre eigna. Turbulensen fra trea mot sentrum er skummel og det er fare for å ikkje nå landinga og hamnne i Vangsvatnet. Fortset heller mot elveosen og den store og åpne grusøren Grandane. Der er HG-landinga, og bør også brukast av paraglidarpilotar når tilhøva er usikre på Minigolfen. 

Merk om Hanguren:
Vær påpasseleg ved start og hald god avstand til kablane som går like til høgre for start. Det er strengt forbode å lande på Mølstertunet, det gresskledte platået under Hanguren. Om sommaren kan det vere mange personar på landinga ved Minigolfen. Hald avstand! Vurdér å lande på grusbanken mot elveosen i staden (Grandane). Dette gjeld ved sterk solgangsbris og spesielt ved austavind. Ulukkene skjer ved austavind! Det har også vore fleire hendingar der pilotar har hamna i Vangsvatnet. Flyg ikkje over vatnet i austavind. Elevar bør bruke flytevest. Hugså også at ved sterk direkte sønnavind - rett mot start- viser vinden ikkje på vatnet.

Siste flyturar på Flightlog.org

Meteogram NOAA - kilde: flyparaglider.com

kilde: NOAA, flyparaglider.com