Stillinga er besett - Driftsansvarleg i Voss HPK

Voss Hang- og Paragliderklubb er Noregs største klubb i hang-, para- og speedgliding seksjonen i Norges Luftsportsforbund. Klubben består av over 800 medlemmar, og utdannar kring hundre pilotar årleg. Klubben var med på å starte opp Ekstremsportveko, og bidreg framleis årleg til å gjere Veko til verdas største og beste ekstremsportsarrangement. Drifta er i dag basert på ein dagleg leiar i 100% stilling og frivillig dugnadsarbeid utført av engasjerte medlemmar.

Me søkjer ein motivert og dyktig person til å fylle stillinga som driftsansvarleg. Hensikta er å skape eit solid team med brei kompetanse, som skal drive og utvikle klubben vidare på ein berekraftig måte. Arbeidsoppgåvene består i hovudsak av å koordinere aktivitet, arrangement og flyging for klubbens medlemmar. Driftsansvarleg administrera kurs og tandemaktivitet. Som ein del av dette er å utarbeide og oppdatere instruksar og prosedyrar for drift og tryggleik. Samt oppfølging og bruk av ulike digitale verktøy og sosiale medium. Ei viktig overordna oppgåve er å bidra til å utvikle, og gjennomføre strategiar for å fremje klubbens mål og visjon. Arbeidsoppgåver vert fordelt internt ut frå kompetanse, og personlege eigenskapar og engasjement for klubbutvikling vert vektlagd.

Ønskte eigenskapar og kvalifikasjonar:

  • Du er oppteken av å trivast i eit ope og inkluderande miljø, og har gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Arbeider godt sjølvstendig og i team, og har evne til å utøve delegerande leiarskap.
  • Relevant erfaring innan administrasjon frå liknande organisasjon.
  • IT-kompetanse, erfaring med webutvikling eller marknadsføring er positivt.
  • Kunnskap om budsjettplanlegging og økonomistyring.
  • Erfaring frå sporten er ein fordel.
  • Kompetansebevis instruktør eller tandempilot er ønska, men ikkje ei nødvendigheit.

Me tilbyr:

Ei spennande og utfordrande stilling i eit miljø prega av lidenskap for speedgliding, paragliding og ekstremsport, kor ein har moglegheit til å vidareutvikle klubben. Her er rom for å utforme ei stilling tilpassa eigne kvalifikasjonar i eit dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø. Det er varierte arbeidsdagar i kontorfellesskap og utandørs.

Størrelse på stilling etter avtale, med konkurransedyktige vilkår i tråd med kvalifikasjonar og erfaring. Her er moglegheit for utvida stillingsstorleik om ein fungerer som instruktør og/eller tandempilot. Næraste overordna for stillinga er dagleg leiar. Stillinga er prega av sesongvariasjonar, med variert og ubeleileg arbeidstid i sesong.

Voss Hang og Paragliderklubb er oppteken av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn

Søknadsfrist: 1. januar 2024.

Send søknad og CV til stillingar@vosshpk.no, merka "Søknad Driftsansvarleg".

For meir informasjon om stillinga, kontakt dagleg leiar Malene Hetle Hole på malene@vosshpk.no.