Dagleg leiar
9/8/2022 1:22:25 PM
Hei!
Mitt navn er Morten Knapstad og eg er nyleg tilsett i draumejobben som dagleg leiar i Voss Hang- og Paragliderklubb. Eg gledar meg stort til å ta fatt på arbeidsoppgåvene som ventar meg. Arbeidsdagane vil vera varierte, og bestå i mange ulike oppgåver. Målet mitt er at Voss Hang- og Paragliderklubb skal vera ein inkluderande klubb som kan tilby mykje til medlemmane sine.
Visjonen til klubben er: «Voss Hang- og Paragliderklubb skal ha Noregs beste og tryggaste flystadar, og skapa store opplevingar basert på ekte flyglede». Det tenkjer eg er ein konkret og fin visjon som me kan jobba mot kontinuerleg.
Eg er tilsett av styret i klubben, og kjem til å samarbeida tett med dei i tida framover. Eg skal blant anna jobba med administrative oppgåver, økonomi, rekruttering til kurs og tandem, opparbeiing av systemer og rutinar, nettside, sosiale media, ulike arrangement i regi av klubben, planlegging og gjennomføring av kurs saman med skulesjef, følge opp prosjekt i klubben, følge opp dugnadsarbeid, drift av klubben sine lokaler og materiell, og mykje meir.
Litt om meg: 36 år gammal vossing busett på Voss. Nærare bestemt i Gamle Bordalsvegen på sørsida av sentrum. Der bur eg med sambuaren min Trude, og ungane våre Sigrid(3) og Sjur(1). Eg har vore medlem i Vosshpk sidan eg tok paragliderkurs i september 2002, og har eit stort hjarte for klubben. Flyr paraglider og speedglider, men har ikkje prøvd hangglider endå. Det må bli eit mål for framtida når eg no skal leia ein klubb som også driv med det. Av andre aktivitetar så likar eg godt å nytta meg av det naturen på Voss har å by på. Til eksempel ski, kiting, springing, og sykling. Ofte saman med familien og vener.
Ta gjerne kontakt med meg om du har innspel til klubben av alle ulike slag. Epostadressa mi er morten@vosshpk.no. For å kontakta styret i klubben sender du til styret@vosshpk.no. For faglege spørsmål og henvendelsar er det sikkerhet@vosshpk.no.
Eg kjem til å arrangera ulike sosiale samankomstar for medlemmane framover, både på bakken og i lufta. Det vil vera alt frå klubbkveld til klubbflyging og dugnad. Nærare informasjon vil dukka opp i sosiale media, på nettsida, og kanskje medlemsmail.
Håpar å treffa mange av medlemmane, og ser fram til å vera med å driva klubben saman med dekan! Aktive medlemmar er det som skapar ein god klubb!
Snakkast