Iver_Raknes_Finne_Veko12_HorgiFrokost_28.06.12-9160-1180x650.jpg Foto: Iver Raknes Finne

Om Voss Hang- og paragliderklubb

Voss Hang og paragliderklubb er Noregs største klubb med nesten 600 medlemar.

Høge fjell gjer Voss til ein svært godt eigna plass for paragliding og speedriding, både sommar og vinter. Sidan klubben starta i 1976 har vi heile tida utvikla eit kjekt og aktivt miljø. I seinare år har vi investert mykje på startane. Området rundt Voss har gode og lett tilgjengelige startar på dei fleste vindretningane. Midtpunktet for aktivitetane er gondolbana til Hanguren, med landinga og treffpunktet på Minigolfen,med flot utsikt over Vangsvatnet. Nyt Voss frå lufta og på bakken!

Voss HPK på flightlog.org - loggboka.

 

Postadresse

Voss Hang & Paragliderklubb

Postboks 482

5702 Voss

Kontonr 9581.08.04719