Paraglide-tandem-HelgeFossaa.jpg Foto: Helge Fosså

Tandem paragliding

Online booking her:
Bestill tandem paragliding

Opplev eit eventyr!

Voss Hang og paragliderklubb har mange erfarne tandeminstruktørar som kan ta deg med på vestlandets vakraste eventyr, å fly høgt over Voss i ein paraglider. Kjenn på spenninga, naturen og vindsuset. Ikkje mange har same moglegheit til å få prøva paragliding. Bestill tur no!

Ein tandem paraglider er laga for at 2 personer skal fly saman. Du vil sitta behageleg i ein sele, medan instruktøren sit bak deg og styrer heile flyturen. Mellom oss er det eit stangsystem som me begge heng i, og som paraglidaren er festa til. Du kan også få styre litt sjølv, om du vil!

Turen starter med at instruktøren forklarar deg nøye kva som skal skje. Utstyret vert lagt ut og blir kontrollert av instruktøren. Etter dette vil me snakke om kva du skal gjere og korleis du vil oppleva det under turen. Det er veldig naturleg om du er nervøs, men erfaringa vår er at når ein er i lufta vert slike ting gløymt fort, og du vil nyte turen. Du kan ta bilete der oppe frå, så ta med kamera. Hugs varme gode sko og klede, det kan vere kjølig i høgda sjølv om det er varmt på bakken.

Tryggleiken er vår fyrste prioritet. Om vér og vind ikkje er bra den dagen som er satt opp til flytur, kan den bli flytta eller kanselert på kort varsel.

Priser inkl. transport

Frå Hangur/Bavallstoppen/Hjelle/Rokne/Tverrberg/Liaset: kr. 1900,- (2100,- med video)

Under Ekstremsportvek: kr. 2000,-
Frå Aurland eller andre fjell som ligger langt borte, opp til kr. 2900,-

Online booking her:

Bestill tandem paragliding