Innhald

Fly på Voss

Voss er ein av dei mest kjende og mest brukte flystadene i Norge, og i alle fall på Vestlandet! Det er ikkje utan grunn, for her finn du alt ein pilot kan ynskje seg:

  • Gondolbane til start på hovudflystaden Hangurstoppen. 
  • Austvendt start med hang og termikk.
  • Ca. 770 m høgdeskilnad
  • 2286 moh. høgdebegrensning.
  • Hovudlandingar i sentrum ved Vangsvatnet: Minigolfen og Fleischers hotell.
  • Kafe ved landinga.
  • Distansemoglegheiter i mange retningar.
  • Alternative startar på ulike vindretningar.
  • Campingplass 100 m frå landinga.
  • Ein aktiv og triveleg klubb.

 

Sjekk ut medlemsfordelane våre for prisar på heiskort og andre rabattar på Voss. Hald deg oppdatert på opningstidene til Voss Gondol og Myrkdalen

Møtestad 

Møtestaden for pargliderpilotar er ofte ved hovudlandinga vår, nedanfor Fleischer Hotell. Klubben har ei vogn og benkar som står ved sida av landinga. Her ligg også klubben sin redningsbåt.

Elles gjennom året er klubbhuset vårt som ligg i Bømoen ved Voss Fallskjermklubb ein base for kursing og aktivitet. Det er mange flystader på Voss. Du finn meir utfyllande informasjon om dei forskjellige startane under «flystader».

Organisering 

Dersom gondolen ikkje går har vi klubbil som gjerne kan nyttast for å organisere flyging. Då finn ein informasjon om aktivitet i gruppene på Facebook, og i felleskapschatten «PG/SPG Flyging i Voss og omegn» på messenger.

Luftrom og bakketeikn

Høgdebegrensinga er 2282 moh over Voss, og 2500 øst for flyplassen på Bømoen. Ver obs på at det er flyforbodssone for PG over og kring flyplassen. Kart over star/landing og vanlige flyruter finn du her: Lokalt luftromskart Voss.

Paragliding og fallskjerm er dei store luftsportsaktivitetane på Voss, og det hender at vi delar luftrom. Då er det nyttig å vite korleis det fungerar. Dersom bakketeikn er ute, vil alle måtta vika for kvarandre. Sidan fallskjerm, paraglider og speedglidar har ulikt flymønster, må vi vise spesielt stor aktsemd når vi deler landingsfelt. Det beste kan vera om ein paraglider vel eit alternativt, sikkert landingsområde om ein har moglegheit.

Vis omsyn!

Bakketeiknet «T» indikerar landingsretning for alle fallskjermhopparar. Hoppfeltleiar som er ansvarleg for tryggleik på bakken ved hopping legg ut teiknet i hht. vindretning og landingsplass. T-en er ofte kvit eller raud. Teiknet indikerar for hoppmeister og/eller pilot i flyet at det er klart for dropp, dersom ein t.d. ikkje har radiokontakt mellom bakke og fly. Om bakkemannskap vil kansellere hopping kan dei ta vekk T-en, og flyet må returnera til flyplassen. Om T-en ligg på landing utan toppen, dvs. berre som ein I, betyr det avvent dropp, eller mellombels hoppforbod.

  • Når T kan lesast som ein T, er det klart for fallskjermhopping og landing på det aktuelle området.
  • Landingsretning er i den retninga ein kan lesa teiknet, altså nedanfrå. T-en ligg slik at ein landar mot vinden.
  • Fjernast toppstreken i T-en til ein “I”, betyr det at hopping er mellombels utsett.