Flystader på Voss
av Geir Dyvik
Voss er ein av dei mest kjende og mest brukte flystadene i Noreg.
I alle fall på Vestlandet!
Ikkje utan grunn, for her finn du alt ein paragliderpilot kan ynskje seg:
- gondolbane til start på hovudflystaden Hangurstoppen
- østvendt start med hang og termikk
- ca. 770m høgdeskilnad
- 2286 moh. høgdebegrensning
- hovudlanding i sentrum ved Vangsvatnet/Minigolfen/Fleisher hotell
- kafé ved landinga
- distansemoglegheiter i mange retningar
- alternative startar på ulike vindretninger
- campingplass 100 m frå landinga
- ein aktiv og triveleg paragliderklubb, Voss Hang- og Paragliderklubb
Paragliding Thermal Maps
Nettside med kart som viser Hotspots, thermals og skyways , ikke bare for Voss, men all over.
Møtestad minigolfen
Møtestaden for paragliderpilotar er ved hovedlandingen vår nedenfor Fleischer Hotel.
Starten er stor med god plass til å legge ut mange glidarar på ein gong, men ikkje blokker startplassen unødig. Er der mange pilotar bør du gjere klar glidaren bakerst på startplassen så du ikkje hindrar andre.
Øst på Hangurstoppen og sør på Hanguren
På øststarten er det fine startforhold tidleg på dagen, seinare er det best på Hanguren sør. Pass på kabel fra gondolen.
Skybas er vanleg omkring 1500 - 1800 meter. Over 2000m på dei beste dagene.
Om lag midtveis nede i lia under Hangur sør-start er det eit bratt stup. Her er det siste sjanse å klora seg fast. Må du sleppa taket her er det berre å stikke mot landing, for det er svært sjeldan ein finn noko løft lågare enn dette. Hugs også at du må ha nok høgde til å kryssa busetnaden i sentrum. Landing på den grønne, gresskledte hylla like over Mølstertunet/muséområdet er strengt forbode!
Solgangsbris
Ut på ettermiddagen kjem solgangsbrisen. Det gjev sidevind på start og flyging blir både vanskelegere og meir risikabelt. Somme dagar blir solgangsbrisen så sterk at det gjev penetrasjonsproblem på landing. Følg difor alltid med på Vangsvatnet og sjå etter når vinden kjem. Fly ned i tide! (Og om det skulle bli sterk sønnavind, så viser det nesten ikkje på vatnet!)
Hangurstoppen om vinteren
Om vinteren er det ofte hangflyving på Hangurstoppen som gjeld, for då er det gjerne austavind. Då kan vi og ta den fireseters ekspressheisen opp fra Bavallen. På toppen er det ca. 250 meter å gå flatt ut til venstre. Starten ligg over tregrensa, er stor og fin, og krummar passe på kanten. Her er det ypparleg å topplanda. På gode dagar på ettervinteren kan du også få termikk her.
Elles så fins det mange andre flystedar på Voss. Du finn informasjon og bilete under siden "flystader". Etter flyging og landing på Minigolfen er det godt med forfriskningar på utekaféen på landinga. Eller eit bad i Vangsvatnet. Du finn gjerne vossapilotane på Minigolfen der dei slappar av etter flyging. Stikkordet for paraglidarpilotar på Voss er altså Minigolfen!
Nyttige telefonnummer:
Overnatting på Voss Camping: 56 51 15 97
Voss Resort (heisane): 4700 4700
Og skulle du se nokon havna i høgspenten, vær så rask som mogleg og ring Voss Energiverk så straumen blir utkopla! Legg inn på mobilen, for å vera sikker: Voss Energiverk 56528350.