Bjørnestigen (Tverberg)

OBS! Denne starten passar frå pp3 og oppover. Stupstart og ofte rotor både på start og landing

LUFTROM: IKKJE fly lenger vest enn landinga på parkeringa ved skytebanen, og IKKJE fly lenger sør enn landinga ved skytebanen om du er utanfor hangkanten. Dette pga innflyging med fly og helikopter til flyplassen på Bømoen. Går fint an å fly sørover om ein ligg langs hangkanten bortover.

Bjørnestigen 400 moh vestvendt start er opparbeidd i 2012 og ligg rett aust for flyplassen på Bømoen, du ser starten litt til venstre for enden av flystripa. Køyr til Skjerve skytebane like ved Bjørke. Vegen går opp på høgre side av skytebanen (sørsida). Betal bomavgift for grusveg heilt fram. Starten er vestvendt og fin når solgangsbrisen gjer det umogleg å fly på andre flystader på Voss. Her er hg-rampe og PG-starten ligg like ved. Stup under starten, og flystaden passar best for erfarne. Topplanding mogleg også for erfarne, men ikkje ideelt. Kan vere utgangspunkt for distansetur. Fast landingsplass er ikkje etablert, men me har avtale om landing på parkeringsplassen til skytebanen. OBS: Nord for flyplassen er det droppsone for fallskjermar, forbode for paraglidar! Og over bosplassen/Bjørke-gardane, mellom fjellet og bane 09 er finale for fly, også seilfly som kjem stille. Ver obs og gjer ditt for å unngå konfliktar! Sjå luftromskartet for grenser.