Innhald

For instruktørar

Frå seksjonen

Her finn du som er instruktør lenker til materiell du kan ha behov for i forbindelse med kurs eller tandemvirksomhet.

Utbetaling – Oppdaterte rutinar for 2026

Ingen utbetaling vil bli gjort utan at ein av framgangsmåtane nedanfor vert nytta.

Generell informasjon om skatt og utbetaling frå ideelle organisasjonar finn du her:
https://blogg.fiken.no/hvor-mye-kan-man-tjene-skattefritt/

Kort oppsummert

  • Instruktørhonorar kan utbetalast skattefritt inntil 10 000 kr per person per kalenderår, føreset at klubben er ein skattefri/ideell organisasjon.

  • Alle honorar skal rapporterast av klubben til Skatteetaten, også dei som er skattefrie.

  • Dersom samla honorar overstig 10 000 kr, blir heile beløpet skattepliktig.

  • Dokumenterte private utlegg og reiseutgifter refundert mot kvittering er ikkje inntekt og inngår ikkje i 10 000-kronersgrensa.

  • Fakturering skal berre nyttast dersom instruktøren driv næringsverksemd og oppdraget er ein del av denne. 

Ved spørsmål om utstyrsinnkjøp som instruktør

Klubben kan kjøpe inn utstyr som er naudsynt for gjennomføring av aktivitetar i regi av klubben.

  • Alt utstyr som klubben betaler for, er klubben sin eigedom.

  • Instruktørar kan få låne eller bruke slikt utstyr i samband med oppdrag for klubben.

  • Godtgjersle kan ikkje erstattast med kjøp av privat utstyr til instruktøren.

Framgangsmåtar utbetaling

iUtlegg – private utlegg, honorar og reise

1. Rettleiing

Sjå generell rettleiing for bruk av iUtlegg:

Brukerinformasjon iutlegg.no

Veiledning VHPK

2. Refusjon av private utlegg

For å få refundert private utlegg gjort på vegner av klubben må:

  • utlegget vere avtalt eller nødvendig for oppdraget

  • kvittering leggjast ved

  • kravet sendast inn via iUtlegg

Refunderte utlegg er ikkje honorar og er ikkje skattepliktige.

3. Honorar

For utbetaling av instruktørhonorar:

  • send krav via iUtlegg

  • vel korrekt kategori for honorar (evt. dommarrekning dersom dette er klubbens definerte kategori)

  • merk kravet med:

    • «Honorar instruktør»

    • fullt namn

Merk:

  • Skattefritt honorar kan utbetalast inntil 10 000 kr per år

  • Ved utbetaling over dette beløpet blir heile summen skattepliktig

4. Køyregodtgjersle og reiseutgifter

Minstekrav til reiserekning med bilgodtgjersle:

    • Namn, adresse og underskrift til arbeidstakaren

    • Dato for avreise og heimkomst for kvar yrkes- eller tenestereise

    • Føremålet med reisa

    • Kva arrangement arbeidstakaren har delteke på

    • Skildring av reiseruta, med start- og endepunkt, lokal køyring på oppdragsstaden og årsak til eventuelle omkøyringar

    • Total køyrd distanse i samband med yrkes- eller tenestereisa (til dømes basert på kilometerteljar i bil, GPS-basert elektronisk køyrebok eller nettbasert kartprogram)

    • Namn på passasjer(ar) det blir kravd passasjertillegg for

Dokumenterte reiseutgifter og køyregodtgjersle er ikkje honorar og ikkje skattepliktige.

Fakturering

Fakturering skal berre nyttast dersom:

  • instruktøren driv eiga næringsverksemd, og

  • oppdraget for klubben er ein del av denne verksemda

Faktura skal:

  • sendast som EHF

  • innehalde korrekt prosjekt og avdeling

    • Avdeling: kurs eller tandem

Faktura sendast til:
vosshangogparagliderklubb1@ebilag.com

Merverdiavgift (MVA) – undervisning

Instruksjonsverksemd i klubben vert rekna som undervisning. Føretak som utelukkande driv undervisning er som hovudregel ikkje merverdiavgiftspliktige etter merverdiavgiftslova.

Det er likevel den enkelte instruktør sitt ansvar å vurdere og sikre korrekt MVA-handtering i eiga verksemd, og å avklare eigen MVA-status ved behov.

Viktig merknad

Instruktørar som er usikre på kva framgangsmåte som skal nyttast, eller korleis utbetaling skal klassifiserast, skal ta kontakt med klubben før innsending.

Translate »