Utstedelse av flygebevis og andre kompetanser

Her er lenke til oppgåver ein kan nytte for å repetere før ein teorieksamen: Oppgavesamling

For å få utstedt ny lisens treng du:

  • Gyldig medlemskort.
  • Gyldig lisenskort (forsikring).
  • Gyldig kompetansebevis for det en vil utvide fra. Dvs. at ein treng gyldig SPG3 for å kunne ta ut SPG4.

Krav 

Vidare må en sjekke at ein oppfyller alle krav for å få utstedt det ønska kompetansebeviset. Det kan vere krav om tal flyturar, flytid, kurs, og  teorieksamen.

Meir utfyllande står det i progresjonskorta, i sikkerheitssystemet og i utdanningsprogramma:

Kompetansebevis for tandem og instruktør må også være godkjent av FL.

Informer klubb/instruktør som kan gå inn på E-kurs og godkjenne utstedelsen. Det er ein fordel å bruke dei instruktørane som kjenner deg best. 

For at lenkene skal fungere må ein på førehand ha logga inn på MI i ei fane, og på E-kurs i ei anna fane. Så kan ein nytte lenkene til høgre for å finne den utstedelsen du treng. 

Når du er ferdig med søknaden finn du den på E-kurs under AKTIVE kurs. Då skal den ligge som 85% fullført. Det gjeld for kurs som ikkje treng godkjenning frå FL. Når instruktør har godkjent utstedelsen vil søknaden dukke opp under AVSLUTTEDE kurs som 100%. 

Er det ellers noe en lurer på så ta kontakt:

Kjell Svanes, 995 47 501.