Innhald

Elevguide

Tusen takk for ei kjekk veke med kursing! No begynner vegen vidare, og vi vil hjelpe alle til å få utstedt elevbevis før sesongen er ferdig. 

Har du eit spørsmål?

Begynn med å sjekke seksjonen sine sider på NLF, her finn ein mykje nyttig og oppdatert info. I forhold til progresjon, krav og rettigheiter på ulike kompetansenivå begynner ein med å sjekke utdanningsprogrammet og sikkerheitssystem

Er det noko utover dette kan du ta kontakt med ansvarleg instruktør for ditt kurs, eller dagleg leiar

Spørsmål om faktura i MinIdrett og forsikringar går til medlemsservice

Vidare i progresjonen kan ein finne nyttig info på klubbens medlemssider

Viktige nummer

 
  • Medisinsk nødsentral: 113
  • Politiet: 112
  • Legevakt: 116 117
  • Politi lokalt kontor: 02800
  • Skipatruljen Myrkdalen: +47 415 18 002
  • Skipatrulje Voss Resort +47 455 11 283

 

Trond Nilsen – Fagsjef HPS/NLF
+47 908 67 560
 
Malene Hetle Hole – Dagleg leiar Voss HPK
+47 918 03 591
 
Lars Haukom – Fagleg leiar Voss HPK
+47 911 19 302

Nytt kompetansebevis 

Ved fullført grunnkurs har du oppfylt alle krav i utdanningsprogrammet, og bestått teoriprøva. Då får du tilgang til å søke om utstedelse i e-kurs. Lenke til riktig kurs finn ein på HPS sine sider. Her finn du også rettleiing til gjennomføring av e-kurset, så då må du velje riktig nivå; SPG2/PP2. Deretter fullfører ein kurset og seier ifrå til instruktøren du har valt. 

Fornye kompetansebevis 

1.november kvart år opnar moglegheit til fornying av kompetansebevis. For å fornye elevbevis (SPG2/PP2) må du ha instruktørgodkjenning. Lenke til e-kurset for fornying finn ein på HPS sine sider. Her er også informasjon og rettleiing. 

Oppfølging

Dersom du ikkje fekk fullført progresjonen mot kompetansebevis under grunnkurs har vi fleire moglegheiter til oppfølging. Ved nokre høve kan vi ha moglegheit til å ta med ekstra elevar på grunnkurs for oppfølging. Men her blir utstyr og instruktørkapasitet prioritert til deltakarane på det gjeldande kurset.
Treng du oppfølging kan du lage ein plan med ansvarleg instruktør på ditt kurs, eller sende ei mail til driftsansvarleg.
 
Ekstra oppfølging blir planlagt og sett opp ved behov, for å følgje med på det kan du melde deg inn i elevgruppa på facebook her. 

Oppsamlingshelg

Gratis oppsamling langhelg for alle grunnkurs og tidligere kurs. Her er det ei oppsamlingshelg på slutten av sesongen for SPG og PG. Vi oppfordrar alle til å setje av denne helga sjølv om du har fått kompetansebevis. Det er ein god og trygg læringsarena for vidare progresjon. tillegg er det kjekt å treffe folk igjen, og ein treff fleire i miljøet som er på same stad i progresjonen. I tillegg prøver vi å få til noko sosialt i løpet av helga!
 
For SPG blir det i Myrkdalen eller frå Hangurstoppen, alt etter vêret.
For PG vert det mogleg å fly frå dei tilgjengelege startane på Voss, men vi begynner alltid på same nivå som de flaug frå sist. Påmelding finn de lenke til i årshjulet. Her er også oversikt over anna aktivitet gjennom året som kan vere kjekt å få med seg. 
 

Utstyr 

Vinge og seletøy skal være godkjent av instruktør. Den instruktøren skal vere din hovudinstruktør på grunnkurset. Dette skal avklarast skriftleg.

SPG2

Minste tillatte vingestørrelse er 11,8 m2. Maksimum tillatt vingebelastning er 7 kg/m2. Alle vektklasser kan fly 14,5 m2, selv med vingebelastning over 7 kg/m2.

PP2

Utstyret skal være egnet for flyging på elevnivå. En instruktør kan nekte elever å fly utstyr som ikke er egnet for elevens nivå.
 

Utsjekk

Ein utsjekk skal gis av instruktør. Det inneber fysisk brief på landing og på start. Gjennomgang av flyplan, faremoment/hindringar, lokale forhold og reglar, og eventuelle reservelandingar. Dersom du skal få utsjekk av ein person som ikkje er instruktør skal det gå gjennom ein instruktør og godkjennast på førehand. Utsjekken du får gjeld i dei forholda som var då utsjekken vart gitt. 

SPG2

Utsjekk på nytt sted skal gjøres av instruktør eller en flyger elevens instruktør mener er kvalifisert til å kunne gi en slik utsjekk. Elever skal ikke fly i mer enn 7 m/s vind, målt som sterkeste kast i en 10 minutters periode.

PP2

Elever skal kun fly i skolebakke og elevstart, i rolige, stabile forhold. Utsjekk på nytt sted skal gjøres av instruktør eller en flyger elevens instruktør mener er kvalifisert til å kunne gi en slik utsjekk. Elever skal ikke fly i mer enn 5 m/s vind, målt som sterkeste kast i en 10 minutters periode.

Elever anbefales ikke å fly i utlandet uten Para Pro instruktør, eller flyger med mandat fra elevens personlige instruktør.

Vidare progresjon

Vidare i progresjonen er det anbefalt å oppsøke instruktørar og nytte erfarne pilotar så mykje som mogleg. Søk råd og læring ved å stille spørsmål, og gjerne be folk om ei forklaring på vurderinga ein har gjort. Slik skaper vi eit godt flygemiljø ilag. 

Oversikt over progresjonskurs finn de på kursoversikt. Her vert det også sett opp fleire kurs fortløpande. Meir info om vidaregåande progresjon finn de her.

Ekstremsportveko og aktivitet 

Følg med på årshjulet på aktivitet som er relevant. Ein viktig arena for sporten, og møteplass for miljøet er under Ekstremsportveko på Voss. Her kan ein lære mykje av å delta som utøvar, og ein kan vere frivilleg innan SPG eller PG.