Datoane for neste års grunnkurs er ute, og i den forbindelse kjem det nye moglegheiter for meir erfarne pilotar å begynne på progresjonen mot å bli instruktør. Vegen mot instruktør byrjar med å vere hjelpar på eit grunnkurs.
Dersom du er interessert i å vere med som hjelpar i år kan du sende ein mail til sikkerheit@vosshpk.no, kor du skriv litt om deg sjølv, motivasjon og erfaring frå flyging og evt. anna relevant erfaring. Her er det fint å ta med datoar for kva grunnkurs ein vil vere med på. Deretter vert søknaden behandla av sikkerheitsgruppa og du får ein tilbakemelding om vegen vidare.
For klubben er det viktig å ha lokale instruktørar som er modne i sporten og har brei erfaring og kunnskap som ligg godt over minstekrava i utdanningsprogrammet. Det er nødvendig for din eigen tryggleik i rolla som instruktør, slik at du best mogleg bidreg til andre si tryggleik og læring. Ein viktig føresetnad å ha med seg er at alle lærer på forskjellige måtar, og ein vil difor ha ulik progresjon. I denne rolla vert evna til sjølvevaluering og å utøve sjølvinnsikt heilt avgjerande.
Fullstendig oversikt over krava ein vert vurdert utifrå finn ein i utdanningsprogramma for greinene på seksjonen sine sider. Ein bør setje seg godt inn i sikkerheitssystem og utdanningsprogram som instruktør. Nedanfor følgjer ei meir inngåande forklaring av dei ulike rollane og forventningar.
Rollen som hjelpar
Som hjelpar er hensikta at du skal få dei verktøya du treng for å jobbe mot å bli hjelpeinstruktør. Det inneber innsikt i kursmodulen og gjennomføring av kurs frå instruktørperspektivet. Herunder kjem pedagogisk tilnærming og innblikk i alle ansvarsområde. I tillegg skal du jobbe med eigenferdigheiter innan praktisk flyging og teori. Det er vanleg at hjelparar får praktiske arbeidsoppgåver undervegs i kurset for å bidra til ei god gjennomføring. I oppstartsmøtet er det naturleg å kartleggje kvar du har overskudd, og kva du treng å lære meir om.
Ein hjelpar vert ofte ein viktig sosial støttespelar for kursdeltakarane, vidareformidlar av beskjedar og ikkje minst ein god samarbeidspartnar for instruktørane. Det er svært nyttig å ha med seg erfarne pilotar som følger med på alt som skjer på kurset.
Hjelparar er friteke frå alt operativt ansvar, og ein utfører ingen instruksjon. Det er for å gi rom for å modnast inn mot hjelpeinstruktørrolla som inneber meir ansvar. På vegen kan ein finne ut at instruktørrolla ikkje er noko for deg. Det er heilt normalt og eit individuelt val.
Som hjelpar får du vere med å bidra til god gjennomføring av grunnkurs, trene på ferdigheiter, auka forståing for teori og bidra til positive sosiale opplevingar i fellesskapet. I tillegg er det alltid positivt å få innspel på alle delar av kursgjennomføringa, noko du som hjelpar kan vere ein viktig bidragsytar for.
Dersom du er motivert for vidare utvikling jobbar vi ilag mot å oppfylle krava til å bli hjelpeinstruktør.
Krav for å bli hjelpeinstruktør
Lokale retningslinjer: ha delteke på minimum to grunnkurs som hjelpar. Unntak: dersom ein kan vise til mykje relevant erfaring innanfor instruksjon og flyging.
Elles følgjer det krav til luftvett, ferdigheiter, kunnskap og erfaring. Her vert alle krava vurdert samla, men ein legg særleg vekt på luftvett når ein skal bli instruktør. Gode haldningar og evna til å vere ein god rollemodell er ein ibuande eigenskap. Dei andre ferdigheitene vil vi bidra til å utvikle ilag med tida. Ein anna viktig eigenskap er evna til samarbeid i instruktørgruppa.
For å sikre god utvikling skal du godkjennast av fagleg leiar før du tek teorikurs til hjelpeinstruktør.
Erfaringskrav hjelpeinstruktør SPG
- Ha gjennomgått et teorikurs i henhold til hjelpeinstruktørkompendiet, ledet av instruktør.
- Ha deltatt på minst et helt grunnkurs, samt vurdering av kursdeltagerne og planlegging av etterfølgende dag.
- Ha undervist i minst ett teorifag.
- Inneha SPG3 eller høyere.
- Anbefalt som hjelpeinstruktør av instruktør og godkjent av klubbens faglige leder.
Erfaringskrav hjelpeinstruktør PG
- Ha gjennomgått teorikurs i henhold til hjelpeinstruktørkompendiet, ledet av instruktør.
- Ha deltatt på instruksjon i flatmarkstrening, skolebakke og elevstart på grunnkurs, samt vurdering av elevene og planlegging av etterfølgende dag.
- Ha undervist i minst ett teorifag.
- Inneha kompetansebevis PP3 eller høyere.
- Anbefalt som hjelpeinstruktør av instruktør og godkjent av klubbens faglige leder.
Rettigheiter som hjelpeinstruktør
- Assistere ein instruktør på kurs.
- Hjelpeinstruktørar skal alltid arbeide under rettleiing av instruktør.
- Trene elevar i start, landing og bakkegliding i skulebakke utan at instruktør er til stades, under føresetnad av at øvingar tidligare er instruert av instruktør.
- Gjeld for PHI: Gi flystedsutsjekk til elever på klubbens flysteder.
Dette medfører eit betydeleg auka ansvarsområde, og forventningar om kunnskap og erfaring. Difor vil vi sikre for din eigen og elevens tryggleik at du er klar for ta dette ansvaret.
Forventningsavklaring på kurs
Ansvarleg instruktør
- Tek ei leiande og samlande rolle
- Har operativt ansvar
- Delegerar oppgåver effektivt
- Skal sørge for at instruktørar under opplæring vert fulgt opp godt nok.
- Overordna ansvar for at regelverk og lokale retningslinjer vert fulgt til ein kvar tid.
- Agera på regelverksbrot, tryggleiksforhold som ikkje er gode nok og ta det vidare skriftleg. Dette gjeld alle, men ansvarleg instruktør skal sørge for at det vert teke vidare på ein god måte.
- Hendelsesrapportar skal opprettast og følgjast opp kontinuerleg.
Forventningar til alle instruktørar
- Møter opp i god tid førebudd for dagen.
- Deltek på oppstartsmøte dagen før start og debrief/opprydding.
- Stiller spørsmål ved organiseringa som treng avklaring.
- Tek instruksjon frå overordna instruktør.
- Følger med på alle beskjedar og briefar som vert gitt til gruppa, slik at ein kan vidareformidle viktig informasjon til elevane.
- Motivert for godt samarbeid og god kommunikasjon.
- Nysjerrig og observant, oppsøker ny kunnskap på eige initativ.
- Jobbe for å ha mest mogleg overskudd og overblikk over ulike situasjonar, både når vi er inne og ute.
- Vidareformidlar til ansvarleg instruktør før ein får eit akutt behov for pausar, avlastning etc.
- Notere innspel, observasjonar og forslag til tiltak undervegs for å bidra til utvikling.
- Umiddelbart agere på uønskte forhold, særleg viktig dersom det går ut over tryggleiken på kurset. Kommunikasjonsveg er direkte til ansvarleg instruktør i passande setting.
- Deltek på sikkerheitsseminar i regi av klubb og seksjon, samt instruktørmøter og instruktørseminar.
Instruktør under opplæring kan forvente:
- Oppfølging frå ansvarleg instruktør undervegs
- Riktig mengd ansvar til rett tid
- Auka forståing for alle delar av sporten i teori og praksis.
- Open tovegskommunikasjon i forhold til eigne behov, innspel og tilbakemeldingar.
- Tid til å arbeide med eigenferdigheiter
- Forutsigbar progresjon med førebuingstid til oppgåver som treng det (teoriundervisning, brief etc.)
- Dine ansvarlege instruktørar er punktlege og førebudd.
- Daglege briefar og debriefar med instruktørstaben.