Sidan sist
På nyåret har det vore mykje aktivitet. Tre SPG-grunnkurs er gjennomført, og vi har fått 30 nye pilotar med SPG2 kompetansebevis. Det har vore årsmøte, og det nye styret er no godt i gang med arbeidet. Før påske hadde vi trening på kast av nødskjerm i gymsalen på FHS med bra oppmøte. 10. – 12. april var det planlagt for Voss Open racingligaen runde 1 (tidlegare NC XC). Det vart kansellert, men Gaute Hvidsten holdt eit lærerikt foredrag om intro til distanseflyging og konkurranseflyging fredagskvelden.
Heldigvis hadde vi også planlagt for Speedflying 20-årsjubileum samme helga. Det var på initiativ av Morten Knapstad og Roger-Atle Kårstad. Det var ei utruleg kjekk helg kor mange pilotar fekk årets økt med kiting og hangflyging i Myrkdalen i sol og vind. I tillegg var det endå fleire som var med på ski og sosialisering i Myrkdalen og på “afterspeed” på Hangurstoppen. Etter helga gjekk det gjetord om at Myrkdalen måtte vere den mest legendariske plassen for speedkiting/soaring i verda? I alle fall, neste år er det definitivt plass til endå fleire pilotar.
Aktuelt
Gondolen opnar 1. mai
Opningstidene til gondolen er utvida godt sidan fjoråret, og det kostar 1570 kr for eit vanleg sommarkort gondol. For ungdom, senior og student kostar det 1050 kr. Med vêret på vår side ligg det godt til rette for mykje aktivitet. Båt kjem på vatnet til gondolen opnar, og då bør alle ta ein runde og bli kjent med båten. Vi kjem til å legge ut melding om felles briefingar når det er klart.
Ekstremsportveko
No får de tilgang til ein medlemsrabatt på festivalpass på eit begrensa tal bilettar. Koden “vosshpk” gir 10% på Extreme Pass 2026 for klubbmedlemmar ut mai.Under Ekstremsportveko er det noko utvida opningstider, og ein kan kjøpe “Vekopass” gondol til 952 kr dersom ein kjem til festivalen men ikkje treng sommarkort. Her er lenke til program PG , program SPG og billettar.
Bli frivilleg
Du kan framleis melde deg som frivilleg til festivalen. Det meste er dekka, men det er alltid behov for erfarne pilotar/instruktørar til nokre startmarshallvakter eller båtvakter. Det er uansett behov for frivillege til ulike delar av festivalen, og då er det 3 vakter på 8 timar som gir festivalpass, registrer deg her.
Aktivitetskalender
Mykje kjekt på planen framover, hald eit auge med kalenderen for endringar og nye aktivitetar. Årets grunnkurs paragliding er no heilt fullt opp, men det er mogleg å setje seg på venteliste eller varslingsliste for 2027.
Progresjon
Vi jobbar med å få på plass ein plan for SIV-kurs 2026, og håpar å bli klar for å legge ut påmelding så snart som mogleg. For SPG blir det planlagt fleire fotstartkurs fortløpande. Dersom vi har instruktørkapasitet vil vi ha eit AM-kurs også. Elles får vi jamnt spørsmål om tandemkurs og hjelpar på grunnkurs. Dersom du er interessert i dette har vi to nyttige artiklar på heimesida.
Søknadsfrist for sesongstillinga er 27.april – tips ein venn eller søk om du er interessert i å bli ein del av laget i sommar
Kommunikasjon
Flygemeldingar Whatsappgruppe – aktivitet og viktige meldingar delast her. Forhold, luftrom og kritiske beskjedar. Gjerne legg ut når det er meldt gode forhold og du planlegg tur neste dag. Paragliding på Voss gruppa på facebook er også i bruk til kjekke oppdateringar som er mindre tidskritiske.
Ved hending, når alt er under kontroll varsle klubb 90508620. Ring, eller så held det med ei enkel melding med namn, stad og kort status. Alt anna kan gjerne sendast til malene@vosshpk.no
Tryggleik
Korleis starte sesongen på ein god måte?
Første steg er å sjekke at du faktisk har fornya kompetanse og betalt kontigent. Det er framleis tilfelle av flyging kor ein har gløymt å fornye før ein flyr. Det er viktig at de som pilotar tek ansvar for dette. Det siste vi ynskjer er at våre pilotar skal ha ei hending eller ulykke og oppdage i ettertid at forsikring ikkje er gyldig. Det kan enkelt kan løysast ved å ta ein dobbeltsjekk, eller ta kontakt på mail om du treng hjelp til å få dette i orden, så hjelper vi gjerne.
Full utstyrskontroll og ompakk av reserve, i den forbindelse trene på nødskjermkast. Gjerne bruk dei lokale verkstadane vi har på Voss til dette. Før flyging er det alltid Nyttig for teknikken, og å finne igjen den gode kjensla ved å trene på groundhandling og skulebakke. Gjerne legg ut ei melding så blir fleire kan bli med på trening.
Parakite?
Det er stadig fleire pilotar som oppdagar potensialet ved parakitar og systemet med kiteraiser. Det opnar ein ny verd med moglegheitar, og samstundes eit nytt ferdigheitssett og vurderingsevne som må tileignast parallelt. Vi anbefalar at de set dykk inn i regelverket ved sikkerhetssystem og utdanningsprogram før ein prøver og kjøper ny vinge, og det er litt å setje seg inn i.
Vidare er det viktigaste er å tileigne seg reell praktisk kunnskap. Det får du av å snakke med samarbeidspartnarar og forhandlarar av utstyret, samt teampilotar og dine lokale instruktørar. Det ligg også mykje informasjon og godt videomateriell ute, så bruk dette for å finne fram til best val av vinge og oppstart for deg. Til dømes er GoFlare sine “academy” modular eit godt utgangspunkt.
Oppfordringa er å ha kontroll på regelverket så du er trygg mtp. gyldig kompetanse og forsikring. Hent informasjon frå ambassadørar og erfarne instruktørar og les deg opp på det som er tilgjengeleg på nett.
Sjekk ut
Medlemsfordelar – Oppdaterast fortløpande
Kontakt oss – Nye medlemmer i styre og utval
Klubbarkiv – hald deg oppdatert på relevante saker