113
Vi oppfordrar alle til å ha med seg opplada mobil med 113-appen kvar gong du skal ut og fly, i tillegg til førstehjelpsutstyr.
Radio
Radiofrekvens for luftsport er 154.175. Ved aktivitet er det nyttig å ha med ein radio slik at ein kan følgje med. Særleg under arrangement som t.d. Ekstremsportveko oppfordrar vi alle til å nytte radio for å få med seg viktige beskjedar.
Sikre lause gjenstandar
Ved flyging med ski skal det alltid brukes fangreimar som er godt festa til begge ski, slik at dei heng fast sjølv om bindinga løyser ut. Låsbare techbindingar kan nyttast. Forsvarleg sikring av mobil og kamera gjeld også. Særleg viktig er det når ein flyg over folk og bebyggelse på veg mot landing på Vangen.
Avstand til bebyggelse og gondol
Inga flyging nær gondolbane, master eller heisar på eit område på minimum 50 m vertikalt og horisontalt.
Ved all flyging skal det haldast sikker avstand til hindringar. Det skal ikkje flygast slik at det er til unødig sjenanse for omgivnadane. Ved landing på Vangen oppfordrar vi til å ha ein flyplan kor du passerar gondol-vaier og bebyggelse i god høgde. Når ein er trygg på at ein er innanfor rekkevidde til landing kan ein øve på manøvrar.
Redningsbåt
Korleis bruka redningsbåten til Voss HPK
Oransje rednignsbåt ligg utpå no, og er klar for bruk. Denne båten har ikkje kodelås, og kan nyttast av alle ved nødstilfelle.
Viktig! Båten skal startast i fri, og dødmannsora må brukast.
Ved ulykke
Ved ulykke eller hendingar skal ein følge handlingsplan og varslingsplan.
Handlingsplan ved ulykker
Er du førstemann ved ei ulykke bør du følge planen:
- Start førstehjelp. Dersom bevisstlaus og unormal pust, start hjerte- og lungeredning (HLR). Stopp blødningar.
- Ring 113 medisinsk nødtelefon så snart som mulig, for å få hjelp
- Bli ved vedkommande til redningspersonale er på plass og tek over ansvaret.
- Dersom 113 medisinsk nødtelefon ikkje er varsla, ring 112 for å varsle politiet at det har skjedd ei ulykke.
- Varsle fagsjef på telefon +47 908 67 560.
- Varsle fagleg leiar Lars Haukom: +47 911 19 302.
- Dagleg leiar kan varslast på +47 918 03 591.
- Presse henvisast til fagsjef. Unngå uttalelsar til pressa når du opplever slike situasjonar. Uttal deg ikkje om årsak.
- Ved dødsfall er det politiet si oppgåve å ta kontakt med pårørande.
Varslingsplan ved ulykker
Ved ulykker med hang-, para- eller speedglider skal følgande varslast så snart ein har kontroll over ulykka:
- Fagsjef varslast.
- Om fagsjefen ikkje kan treffast skal leiar i fagutvalget varslast, eventuelt seksjonens leiing.
- Fagsjef varslar generalsekretær umiddelbart ved ulykker. Generalsekretær varslar NLFs president.
- Fagsjef varsler styret og fagutvalget.
Høgspent
Skulle du sjå nokon havne i høgspent, ring nødnummer brann på 110 så raskt som mogleg, slik at dei kan kople ut straumen. Voss Energiverk kan også kopla ut straum. Tlf: 56528350.
Landing i vatn og tre
Følg handlingsplanen, dersom ein har kontroll på situasjonen og det ikkje er nokon skade ta likevel kontakt med politi på 02800 snarast, for å orientere om situasjonen. Dette for å unngå unødige utrykningar. Kontakt også fagleg leiar eller dagleg leiar snarast.
Viktige nummer
- Medisinsk nødsentral: 113
- Politiet: 112
- Legevakt: 116 117
- Politi lokalt kontor: 02800
- Skipatruljen Myrkdalen: +47 415 18 002
- Skipatrulje Voss Resort +47 455 11 283