Innhald

Progresjon

Vidare i progresjonen er det anbefalt å oppsøke instruktørar og nytte erfarne pilotar så mykje som mogleg. Søk råd og læring ved å stille spørsmål, og gjerne be folk om ei forklaring på vurderinga ein har gjort. Slik skaper vi eit godt flygemiljø ilag. Oversikt over progresjonskurs finn de på kursoversikt. Her vert det også sett opp fleire kurs fortløpande. 

Trening

Kjenn dine rettigheiter og kva du kan trene på, og gjer mykje av det. Då vil du garantert ha ein progresjon. Spesielt er groundhandling og kiting i trygge omgjevnadar ekstremt effektivt for vingekontroll, og det er kjekt! Dette er noko som går igjen uansett kva kompetansebevis ein har, då ein aldri får gjort dette nok. Det er spesielt nyttig dersom ein har kjøpt nytt utstyr, eller det er lenge sida ein har flydd. 

Bakkehandtering

Stikkord er roleg og kontrollert, og målet er god vingekontroll. Velg forhold og område slik at du er komfortabel og har overskudd. Kjenn til hindringar i området, og ha ein plan for kva du gjer om vinden aukar. Det inneber å alltid ha kontroll på styreliner, og hjelm på hovudet. Tenk på  avstand til hindringar, kva skjer om eg blir dratt no? Lag deg eit inntrykk av kor god plass og tid du har til å stoppe om noko skjer. Hugs på at du kan vere komfortabel med å ha vingen over hovudet i ei gitt vindstyrke, men tenk gjennom om du greier å samle sammen vingen raskt om vinden aukar. 
 

For å få vingekontroll treng vi riktig linetrykk og balanse til ein kvar tid. Linetrykk kan vi justere ved å endre hastigheit. Hastigheit endrar ein med bruk av styreliner: brems ned eller slepp opp. Eller med kroppsposisjon: ein endrar hastigheit ved å springe eller gå framover eller bakover. 

Ein vinge i balanse står i ro midt over hovudet. Dermed kan ein få vingen i balanse ved å bevege seg under vingen. Er vingen på veg til sides, fram eller bak kan også justere med styreliner. Uansett kva input vi gjer, vil vi alltid gjere det samtidig som ein har kontakt med styrelinene. Vi vil vere ein aktiv pilot.

I begynnelsen er det nyttig å konsentrere seg om ein kontroll av gangen. Forsøk å stå i ro med vingen over hovudet, og berre justere med styreliner. Motsett, prøv å berre justere med å endre kroppsposisjon. Kva skjer Etterkvart som ein har forståing for korleis ein kontrollerar vingen kan ein legge på fleire øvingar. 

Øvelsesbank

Gode vanar vert danna her, så ingen slurv! Men her er rom for å eksperimentere og prøve nye ting når ein har eit godt grunnlag. 

  • Begynn med å ta med deg ein venn, det er kjekkare og tryggare. 
  • Øv på å få til eit jamnt opptrekk: gradvis akselerasjon, rolig korrigering om nødvendig. Ved usymmetrisk opptrekk bremsar ein ned sida som kjem opp raskast.
  • Etter ei korrigering må styrelinene tilbake til nøytral posisjon: gi korrigering, få respons frå vingen og slepp opp styrelinene til «nøytral kontakt».   
  • Øv inn framlengs og baklengs opptrekk med kontroll.
  • Øv på opptrekk med og utan bruk av A-riser, legg merke til skilnaden. 
  • Få inn ein roleg og kontrollert overgang frå baklengs til framlengs posisjon.
  • Legg ned vingen: steil på styreliner, og ved bruk av c-liner og a-liner. Kva er mest effektivt for din vinge?
  • Eit hurtig opptrekk med a-riser gjer at vingen skyt fram, dette kan ein gjere bevisst for å trene på å kontrollere vingen i pitch-aksen ved å stoppe vingen før den får frontkollaps. 
  • Gjer baklengs opptrekk kor du bevisst tar opp riktig side først. Det vil sei at den sida som har riser øverst alltid kjem først. Stopp vingen dersom feil side kjem først. 
  • Lag turbulens for kvarandre med vingetippvirvlar. 
  • Gå inn i turbulens bakom tre eller hindringar og prøv å kontrollere vingen slik at den er mest mogleg i balanse. 
  • Gjer vingetipp-touch frå side til side med kontroll. 
  • Øv på kiting til begge sider. 
  • Øv på å kite vingen rett bakover, dvs. baklengs med bruk av a-riserar og justering av linetrykk med kroppsposisjon. 
  • Kven kan stå lengst uten vingen i bakken?
  • Kven kan stå lengst utan å flytte kroppen før vingen treff bakken?
  • Slalomløype: legg ut gjenstandar eller beveg deg rundt andre pilotar med avstand og kontroll. 
  • Ved moderat vind; legg merke til korleis det er å gjere opptrekk medvinds. Kor mykje fart skal til for å halde vingen over hovudet?
  • Simulere innklapp ved å dra i ulike liner.
  • Bruk ulike trimsettingar. 
  • Backfly
  • Spinn på begge sider
 

Fotstartkurs for SPG2

Med gyldig SPG2 kan ein delta på fotstartkurs, etter å ha:

a. Flydd frå minst 5 forskjellige flystader.

Fotstarte etter gjennomført og bestått fotstartkurs, med følgande som minimum:

a. Framlengsstart.

b. Baklengsstart.

c. Avbrutt start.

d. God flare og trygg landing.

e. God forståing for faremoment ved fotstart med speedglidar.

Krav til gjennomført og bestått fotstartkurs for å kunne fotstarte med speedglidar gjeld ikkje innehavar av elevbevis SPG2 utstedt før 29.11.2021.

 

PP2 til PP3 

Rettigheiter som PP2 

Ein elev har følgjande rettigheiter:

1. Vingehandtering på flatmark. 

2. Fly glideflyging på stader eleven har fått utsjekk på.

3. Når ein nærmar seg neste kompetansetrinn kan ein øve på flyging i enkelt løft etter å ha fått briefing og godkjenning fra instruktør for den aktuelle flyturen.

Teknikkar for nye øvingar og krav til neste trinn skal først vere gjennomgått med instruktør. Viktige øvingsmoment er:

• Vurdere flyforhold og ta trygge avgjerdsler.

• Start, innflygingsmønster og landingsteknikk.

• Vingehandtering gjennom enkle øvingar, som reine svingar opp til 360 grader utan uønskt pendel, ensidig innklapp opp til 30 %, og flyging med speedbar.

Innflyging skal planleggast i god tid og påbegynnast i god høgde. Det advarast mot start i sidevind, medvind, urolig eller sterk vind, samt å fly i ustabile eller turbulente forhold. Flyging i løft utan briefing og godkjenning av instruktør på førehand skal unngås. Er ikkje dette mogleg så skal ein fly rett gjennom løftesona og vekk frå terrenget til rolige forhold, eller snarast lande på planlagt landingsområde.

Translate »