Voss Hang- og Paraglidarklubb er Noregs største klubb med over 800 medlemmar. Vi har erfarne instruktørar som tek godt vare på kurselevane. Voss er ein svært godt eigna plass for opplæring i paragliding og speedriding året rundt. Sidan starten i 1976 har klubben heile tida utvikla eit kjekt og aktivt miljø. Området rundt oss har gode og lett tilgjengelege startar på alle vindretningar.
Vi har grunnkurs i paragliding og speedriding, som er nybegynnarkurs som går over 9 dagar. I tillegg held vi kurs som ein treng for å komme vidare i progresjonen.
Påmelding til kurs 2025 er open!
Sjølv om eit kurs er fullt, kan ein setje seg på venteliste. Det hender at det blir avmeldingar når kurset nærmar seg. Dermed kan det bli moglegheiter for de som er på venteliste.
Vi anbefalar sterkt at alle som er påmeldt grunnkurs set av datoen for oppsamlingshelg. Det er ein god arena for å fly og lære meir etter kurset.
Pris og betaling
Pris på grunnkurs er 13.900 kr, kor 5000 kr vert betalt som påmeldingsavgift. Resten må betalast inn ei veke før kursstart. Prisen inkluderer lån av utstyr under kurset: paraglider og seletøy.
Du treng også lærebok i paragliding for teoriundervisninga. Det beste er at ein bestiller den på førehand, så ein kan begynne å setje seg inn i materialet. Den kan også kjøpast av klubben når du kjem på kurs.
I tillegg til dette kjem forbundskontigent, medlemsavgift, forsikring (lisens), og heispass for dagane vi er i skianlegg.
Påmelding
Evaluering
Evalueringskjema skal fylles ut av elevene etter kurset.