Innhald

Grunnkurs Paragliding

Kva er grunnkurs?

Det er første steg på vegen mot å bli ein sjølvstendig paragliderpilot. Kurset krevjar ingen førkunnskap frå luftsport, men du må vere fylt 18 år. Dersom det foreligger samtykke frå begge føresette, kan personar etter fylte 15 år gjennomføre kurs for å utøve hang- eller paragliding.

Kurset går over 9 dagar med oppstart laurdag morgon og avslutning neste søndag ettermiddag. Me kursar ofte veldig tidleg om morgonen når det er rolege vindforhold. Vi har pause midt på dagen, og flyging eller teori om ettermiddag/kveld. Dei fleste dagar er vi ute heile dagen, så det er ikkje mykje tid til anna enn kurs og kvile. Det er anbefalt å vere i god fysisk form. I skulebakken går me opp fleire turar heile dagen, så du vil bli sliten. Etter kvart i progresjonen blir det gradvis lettare og du kjem til å kjenne på meir overskudd og meistring. 

Først lærer du om utstyret og korleis du startar og landar. Deretter får du prøve i ein mindre bakke kor du flyr nokre meter over bakken. Vi held på med dette til alle er klare for å gå vidare. Neste trinn er mellomstadiebakke. Her får du lære å svinge og berekne innflyging til landing. Når alle mestrer dette går me vidare til høgdeturar, med fleire øvingar. 

Weightless er ein inspirerande paraglidingfilm. Det er ikkje der ein er etter eit grunnkurs på Voss, men det er første steg på vegen mot å bli ein sjølvstendig paraglidarpilot. 

Ofte stilte spørsmål

 

Påmelding og venteliste

Vi har erfaring med at kursa blir fylt opp kvart år. Dersom du er motivert for å lære å fly i 2026 er det anbefalt at du melder deg rett på kurs med ledig plass og betalar depositum. Berre då er du garantert kurs. 

Avmelding

Avmelding må gjøres tidligere enn 30 dager før kursstart for full refusjon. Ved avmelding senere enn 30 dager før kursstart tilbakebetales kun et evt. restbeløp. Blir du skadet/syk og ikke kan delta så vil normalt din reiseforsikring dekke alle utgifter/depositum/restbetaling.

Dette gjøres ved å ta direkte kontakt med Malene på e-post: malene@vosshpk.no. Dersom det skulle haste kan man ta kontakt på mobil: 90508620.

Klubbhuset i Bømoen

Adresse flyplassvegen 135 er basen vår heile kurset. Her er vi rett ved Voss fallskjermklubb sine lokale. Vi har avtale om samarbeid og bruk av fasilitetar. Klubbhuset vårt vert nytta som undervisningsrom og tørk av utstyr gjennom veka. Rett utanfor har vi område vi nyttar til praktisk trening i skulebakke. 

Krav til deg

Eit grunnkurs krevjar ingen forkunnskapar frå luftsport, men du må vere fylt 15 år og ha signatur frå begge foreldre om du er under 18 år. Det er anbefalt å vere i god fysisk form, då det er lange dagar med mykje fysisk aktivitet og teoriundervisning. 

Utstyr

Du bruker klubbens seletøy og skjerm under heile kurset. Det betyr at du treng ikkje å ha skaffa eige utstyr til kurset. Ettersom vi blir kjent med deg under kurset, kan vi hjelpe deg med å finne utstyr som passar deg og ditt bruk. Skal du kjøpe utstyr på førehand må det vere godkjent av instruktøren på ditt kurs. Send mail til malene@vosshpk.no

Du treng ein hjelm i god stand som er sertifisert CE1077 eller EN966. Dei fleste skihjelmar har denne sertifiseringa, men sjekk på førehand. Du kan også låne hjelm under kurset, til du får skaffa eigen. 

Ta med PC for gjennomføring av teoriprøve. 

Gondolkort

Vi er ute for praktisk trening og flyging så mykje som mogleg under kurset. Det blir som regel minst 6 dagar, men helst fleire. Dei første dagane brukar vi klubbil til shuttling. Om mogleg nyttar vi oss av Voss Gondol mot slutten av kurset. Då kan du vurdere sjølv om du ønsker å kjøpe fleire dagskort eller sesongkort. Oppdaterte prisar under medlemsfordelar.

Bur du på Voss? Vi har Vossarabatt

Vi vil gjerne ha deg med i klubben og lokalmiljøet. Dersom du bur her og har folkeregistrert adresse på Voss får du 2000 kr rabatt på kurset. Når du er påmeldt kurset kan du ta kontakt på mail malene@vosshpk.no, for å få tilsendt promokode til bruk ved restbetaling. 

Overnatting

Fleire vel ofte å bu ved klubbhuset på Voss fallskjermklubb. Det er veldig praktisk, rimelig og sosialt. Her får kursdeltakarar medlemspris. Du finn info og reservasjon her.

Transport

Vi oppfordrar til samkøyring og nyttar klubbilen for køyring til kursaktivitet heile veka. Elles nyttar vi gruppa for kommunikasjon til å samkøyre utanom kursopplegg. Lenke til whatsapp-gruppa får de tilsendt ved påmelding.

Sjekk ut medlemsfordelane våre 

Her har vi rabattar på utstyr, overnatting, mat og heispass på Voss. 

Kompetansebevis og forventningar

Du må vere med alle dagar av kurset for å kunne oppfylle minstekravet for kompetansebevis «PP2». Dette gir deg moglegheit til å fly paraglider på stader kor du har fått utsjekk av instruktør etter endt kurs. Dersom du skal kjøpe eige utstyr må dette godkjennnast av instruktør. Ta kontakt så snart som mogleg dersom du allereie har utstyr før kursstart. 

Det er ingen garanti for at ein vert ferdig i løpet av ni dagar. Kor lang ein kjem i progresjonen under kurset er høgst vêravhengig, men vi fullfører uansett teori og teoriprøve. Alle har også ulike føresetnadar og erfaringsgrunnlag, og brukar difor ulik tid på progresjonen. Dersom ein ikkje får gjennomført nok flyging vil vi gjere vårt beste for å hjelpe deg mot kompetansebevis før sesongen er over. Vi anbefalar alle å melde seg på progresjonssamlinga, då det er lærerikt,  sosialt og gir større moglegheit for å få fullført progresjonen. 

Før utstedelse av PP2 skal kandidaten ha bestått teoretisk prøve i emna: aerodynamikkmeteorologilover og reglerpraktisk flygingmaterialkunnskap og førstehjelp. Det er fleirvalsprøve med ti spørsmål i kvart av emna. Prøva vert gjennomført elektronisk, så du treng smarttelefon eller PC. 

Pris 

Kurspris er 15.000 kr og dette inkluderer kursgjennomføring ved tett oppfølging frå instruktørar, teoriundervisning og praktisk trening.

I tillegg er det inkludert: 

Bruk av paraglider (vinge), seletøy og radio under kurset. Du får låne hjelm om du treng. Det inkluderar også bruk etter kurset for oppfølging så lenge kapasiteten rekker.

Transport med klubbil (9 seter) til kursaktivitet

Ein sosial og kjekk fellesmiddag med heile gjengen. 

Oppfølging under progresjonshelga 20. – 23. august – sett av datoen!

Utgifter utanom er

Læremateriell 450 kr. Du treng lærebok i paragliding for teoriundervisninga. Det beste er at ein bestiller den på førehand, så ein kan begynne å setje seg inn i materialet. Den kan også kjøpast av klubben når du kjem på kurs. 

Heispass for dagane vi evt. nyttar gondol. Her får vi medlemsprisar som vert oppdatert årleg.  

Samlefaktura som inneheld forbundskontigent, medlemsavgift seksjon og klubb, og obligatorisk forsikring (lisens) på tilsaman 2686 kr som senior. Sjekk ut kontigentkalkulatoren til NLF. 

Døme for senior medlem i forbund, seksjon og klubb med obligatorisk forsikring.

Betaling for kurset

Du betalar 5000 kr i påmeldingsavgift. Deretter er det restbeløp på 10 000 kr.

Betal restbeløp minimum ei veke før kursstart. Bruk samme e-postadresse som ved påmelding, så er det lett å registrere alt innbetalt

Medlemsskap og forsikring

For å ta grunnkurs må du vere medlem i klubben og oppmeldt til kurs gjennom vårt system. Bli medlem i klubben her. Deretter fiksar vi resten, og du vil få tilsendt ein faktura frå MinIdrett. 

Du skal ikkje betale fakturaen før tidlegast etter 1. november 2025. Då får du faktura for medlemsskap og forsikring som gjeld for 2026. 

Betaling for medlemskap og forsikring kjem som e-faktura i nettbank og på Vipps. Du finn også fakturaen i handlekorga di i MinIdrett. Fakturaen er klar omtrent ei veke etter du er innmeldt i klubben. Medlemsskap og forsikring må være betalt minst ei veke før kursstart, og betalast med kort eller Vipps direkte i MinIdrett. Basis forsikring er obligatorisk, og kjem på same faktura som medlemsskap. 

Det er anbefalt å ha eiga forsikring i tillegg, gjerne ei reiseforsikring som dekkar luftsport. Meir info om dette finn du her.

Loggbok

Til å loggføre alle flyturer bruker vi elektronisk loggboken «Flightlog». Vi er pålagt å logge alle turene våre slik at det kan kontrolleres ved fornyelse og utstedelse av kompetansebevis. Hugs å opprette profil i god tid før kurset, og velg «Voss Hang- og Paragliderklubb» som klubb. Dersom du ønsker å tilhøre annen klubb både før og etterpå er det lett å endre klubb.

Kommunikasjon

Det er laga ei lukka whatsapp-gruppe som du kan melde deg inn i så snart du er påmeldt kurset. Du finn lenka til gruppa på i e-posten du fekk ved påmelding. Elles vil du bli lagt til i gruppa i god tid før oppstart. Her finn du meir informasjon om kurset, og her skjer all vidare kommunikasjon. I gruppa kan du stille spørsmål om noko er uklart. De står fritt til å bruke den før, under og etter kurset.

Læremateriell 

Kursboka kostar 450 kr, og kan bestillast her

Den bør ein ha gjort seg kjent med, og ha lest i på forhånd for betre forståing under teorileksjonane. Her er også ein fin film som gir innblikk i paragliding og teori før kursstart. Mykje av dette er direkte overførbart til speedgliding.

Aktiviteten er regulert av sikkerheitssystemet for HPS, og utdanningsprogram for speedgliding. Oppdatert info finn du på NLF/HPS sine sider som er lenka nedanfor. 

Kva skal til for å få kompetansebevis?

Du må oppfylle krav til luftvett, ferdigheiter, kunnskap med bestått teoriprøve, samt erfaringskrava nedanfor. Det vert gjort ei heilskapleg vurdering undervegs i kurset, og instruktørane vil gi kontinuerleg tilbakemelding slik at du oppfyller krava på best mogleg vis. 

Tidsbruk

Timefordelinga er omtrentleg, men gir eit inntrykk av korleis kurset er lagt opp. 

Aerodynamikk: 2 timar
Meteorologi: 3 timar
Praktisk flyging: 3 timar
Lover og reglar: 2 timar
Materialkunnskap:2 timar
Førstehjelp: 2 timar
Skulebakke/bakkekontroll: 16 timar
Høgdeflyging: 64 timar

Erfaringskrav til PP2

1. Minimum 4 timar trening på bakkekontroll av vinge i ulike vindforhold.

2. Minimum 30 vellukka flyturar (inkludert turar i skulebakke), kor minimum 10 flyturer er frå elevstart.

3. Minimum 6 vellukka flydagar.

Sjekkliste før kurs

  1. Sjekk at du er påmeldt – du får bekrefting på e-post når du har betalt depositum og påmeldinga er fullført. Her får du også betalingsinformasjon for restbetalinga.
  2. Meld deg inn i klubben her.
  3. Betal samlefaktura i MinIdrett: medlemsskap i forbund, seksjon og klubb, og forsikring. 
  4. Signer kurskontrakt. Kontrakt blir sendt for elektronisk signering på mail.
  5. Sjekk at du har passande utstyr. Du treng hjelm som er sertifisert CE1077 eller EN966. Vinge og seletøy får du låne av klubben, og du kan låne hjelm om nødvendig. Du må ha solid fottøy og varme, vindtette klede.
  6. Send e-post til kurskoordinator dersom du har utstyr frå før: malene@vosshpk.no.
  7. Avmelding gjerast tidlegare enn 30 dagar for å få full refusjon.
  8. Betal restbeløp minimum ei veke før kursstart. 
  9. Lag brukar på flightlog.
  10. Sjekk at du er medlem i whatsapp-gruppaI løpet av ettermiddagen dagen før oppstart kjem melding om oppmøte første kursdag.
 
         No er du klar for å lære å fly!
 
Translate »