Tandem paragliding

Opplev eit eventyr!

Find your flight

 For gruppebooking eller øvrige spørsmål, send e-post til vilde@vosshpk.no

For requests about group bookings or other questions, please contact vilde@vosshpk.no

Fly høgt over Voss

Voss Hang- og Paragliderklubb har erfarne tandeminstruktørar som kan ta deg med på Vestlandets vakraste eventyr – å fly høgt over Voss med paraglider! Du får kjenne spenninga og vindsuset på kroppen, samtidig som du  nyt naturen! 

Ein tandem paraglider er laga for at to personar kan fly saman. Du vil sitta behageleg i ein sele, medan instruktøren sit bak deg og styrer heile flyturen. Mellom personane er det eit system som begge heng i, og som paraglidaren er festa til. Du kan også få styre litt sjølv om du vil!

Turen startar med at instruktøren forklarar deg nøye kva som skal skje. Utstyret vert lagt ut og blir kontrollert av instruktøren. Etter dette vil me snakke om kva du skal gjere og korleis du vil oppleva det under turen. Det er veldig naturleg om du er nervøs, men erfaringa vår er at når ein er i lufta vert slike ting gløymt fort, og du vil nyte turen. Du kan ta bilete der oppe frå, så ta med kamera. Hugs varme gode sko og klede, det kan vere kjølig i høgda sjølv om det er varmt på bakken.

Tryggleiken er vår fyrste prioritet. Om vêr og vind ikkje er godt nok på den planagde dagen dagen, kan flyturen verte flytta eller kansellert på kort varsel. 

Alle som skal gjennomføre ein introduksjonstur i paragliding må signere eigenerklæringsskjema på førehand. Dette har piloten med seg, og vert gjort på staden. Dersom du er under 18 år må ein føresett signere skjemaet for deg, og dersom ein har skilde foreldre må begge føresette signere. 

Prices and payment

Payment is done with card or Vipps after the flight.