Innhald

Fasilitetar

Bruk av skulebakke

Skulebakken skal og bør brukast så mykje som mogleg til trening utanom kursing. Det er viktig å vise omsyn til grunneigarane mtp. vekstsesong og beitedyr. Vi tek med all søppel, og ingen bilkøyring/parkering ut på grusvegen. Det er ikkje tillatt å parkere i tunet på gardane, og vi nyttar parkering på fallskjermklubben. 

Hovudbakken er merka som A på biletet nedanfor. Denne har vi i utganspunktet lov til å nytte. Men det er viktig at vi tek omsyn i vekstsesongen. Det betyr at i periodar kor graset er høgt, og det er like før det skal slås vil vi begrense aktivitet. 

Dei andre områda merka B-D på biletet er berre opne om det er avtalt på førehand. 

Er du i tvil om det er ope kan du sende mail til Malene.

Klubbhuset

Klubben har eit klubbhus på Bømoen ved Voss fallskjermklubb sine lokale. Dette vert nytta heile året til kursing. Alle medlemmar av klubben har tilgang til lokala. Koden til døra vert skifta ved jamne mellomrom, så kontakt driftsansvarleg for å få ny kode. 

Når ein nyttar klubbhuset lyt alle forsøke å ivareta og vedlikehalde lokala så godt som mogleg. Vi vil halde det reint og triveleg, noko som er svært viktig då vi lagrar alt av klubbutstyret vårt her. Så vennligst hjelp oss med å ivareta dette.

Klubbvogn

Vi har også ei klubbvogn som står plassert ved hovudlandinga vår på Vangen. Her har vi moglegheit for å lagre div. utstyr som tandemutstyr, betalingsterminalar og førstehjelpsutstyr m.m. I tillegg er vogna operativ gjennom ekstremsportveko til blant anna tandembooking.

Ved vogna er det kome på plass to benkar som er tiltenkt medlemmar av klubben. Her kan ein samlast etter flyging for sosialt og grilling ved å nytte seg av dei to grillane som også står her. Ved grunnkurs i paragliding er det ofte at ein samlast her ein kveld eller to i løpet av eit kurs. Då er det kjekt om andre medlemmar også vil vera med. Også her er det sjølvsagt viktig å halde det ryddig og fritt for boss slik at alt er klart til dei neste som kjem. 

Landingsavgift Aurland 

Landingsavgift Aurland er 10 kr per tur, maks. 50 per dag. 100 kr for ei langhelg. Eller du kan betala 300 kr for eit år. 

Betal med Vipps til «Voss HPK Flyavgift Aurland».

Eller direkte til kontonummer: 9581.05.18384, merk betaling med «landingsavgift Aurland». 

Klubbil

Reglar for bruk

Sjåfør betalar ikkje for turen vedkommande køyrer dersom det er fleire enn 2 personar i bilen.

Annonsèr aktivitet i facebookgruppe «Paragliding i Voss og omegn og» og i felleskapschatten «PG/SPG Flyging i Voss og omegn» på messenger.

Skru på tracking med Volandoo, så kan alle sjå kvar klubbilen er til ein kvar tid. 

Sjåfør er ansvarlig for at alle betaler. Det er ikkje lov å skylde pengar, betal for kvarandre ved behov.

Bil skal alltid leverast tilbake reingjort, og drivstoff skal vera fylt opp.

Meld frå til driftsansvarleg dersom det er noko med bilen som bør opplysast om eller ikkje fungerar. 

Prisliste 

Betaling

Vipps: 101228

Nettbank: 9581.05.18384

IBAN : NO0895810518384

SWIFT: VVELNO21XXX

Merk betaling med navn og transport!

Redningsbåt

Oransje rednignsbåt ligg utpå, og er klar for bruk. Denne båten har ikkje kodelås, og kan nyttast av alle ved nødstilfelle. 

Viktig! Båten skal startast i fri, og dødmannsora må brukast.