Høge fjell gjer Voss til ein svært godt eigna plass for paragliding og speedriding, både sommar og vinter. Sidan klubben starta i 1976 har vi heile tida utvikla eit kjekt og aktivt miljø. I seinare år har vi investert mykje i startane. Området rundt Voss har gode og lett tilgjengelige startar på dei fleste vindretningane. Midtpunktet for aktivitetane er gondolbana til Hanguren, med landinga og treffpunktet på Minigolfen, med flott utsikt over Vangsvatnet.
Voss Hang og paragliderklubb er Noregs største klubb med 814 medlemmar i juli 2023!
Administrasjon
Besøksadresse
Dagleg leiar kan treffast på kontor og telefon i vekedagar frå 09.00-16.00. Nett no held administrasjonen til i Vangsgata 45, ilag med Ekstremsportveko.
Ta gjerne kontakt på førehand og avtal eit møte. Dersom det er fint vêr er det høg sannsynlegheit for utekontor.
Under kurssesong er mesteparten av aktivteten basert på klubbhuset i Bømoen, Flyplassvegen 135. Her kan ein ofte treffe på instruktørar og elevar på kurs gjennom sommaren, og ved speedriding grunnkurs på vinterstid.
Postadresse
Voss Hang- og Paragliderklubb
Postboks 482
5703 Voss
Fakturering
Send EHF, orgnr.: 983 923 577
Eller send faktura til bilagsmottaket og skriv i emne kva avdeling og eller prosjekt det gjeld. Avdelingar: kurs, tandem, eller administrasjon.
Betaling
Vekselbanken
Kontonr: 9581.05.18384
SWIDT: VVELNO21XXX
IBAN: NO0895810518384