Eg kjem frå Kyrkjebø i Sogn, og er utdanna geolog. Eg kom til Voss i 2017 og vart medlem i klubben då eg gjekk på folkehøgskulen. Då begynte eg med luftsport, i hovudsak speedriding og fallskjermhopping. Seinare har eg begynt å fly paraglider også. Etter nokre år i sporten vart eg hjelpeinstruktør på kurs i speedriding, og deretter vart eg instruktør. I 2021 kom eg inn i styret, og var styremedlem fram til eg vart tilsett no. Dei siste åra har eg gradvis vorte meir engasjert, og det har vore givande å forsøke å bidra best mogleg til klubben og miljøet her på Voss.