Vingekontroll / SIV / Akro-kurs på Voss i juni 2026
Velkomen til vingekontroll-, SIV- og akrokurs på Voss, i samarbeid med Copilot Paragliding, med instruktørane Mael Jimenez og Anton Chruickshank.
Frå instruktørane
Vi ønskjer å gi deg ferdigheitene du treng for å handtere paraglidaren din betre – uansett nivå og ambisjon.
Det som skil oss frå meir tradisjonelle kurs, er at vi jobbar tett med kvar enkelt deltakar. Vi legg opp til små grupper og individuelt tilpassa progresjon, slik at du får mest mogleg ut av kvar dag.
Kurset går over tre dagar, med fokus på effektiv læring, utvikling og meistring i trygge rammer.
Kurset passar for:
- Pilotar som ønskjer betre vingekontroll og forståing
- Deg som vil ta eller vidareutvikle SIV
- Pilotar som er nysgjerrige på akro
Vi tilbyr:
- 4 elevar per instruktør – tett oppfølging og individuelt tilpassa opplegg
- Grunnleggjande SIV
- SIV for 2-linere / CCC / konkurranseutstyr
- Introduksjon til akroflyging / akroutsjekk
- Instruksjon i vidaregåande akroflyging
- Opplæring i eit breitt spekter av manøvrar
- Personleg videodebrief for alle deltakarar
- Godt samhald og fokus på meistring og utvikling
Om instruktørane
Mael Jimenez er ein av dei leiande akropilotane i verda, med ei rekkje toppresultat internasjonalt. Han er hovudinstruktør i Copilot Paragliding og har vore sentral i utviklinga av moderne SIV- og akrokurs. Mael har brei erfaring med å instruere pilotar på alle nivå, og er kjend for si evne til å tilpasse undervisninga til kvar enkelt.
Anton Chruickshank er ein av Noregs mest aktive akropilotar, med lang erfaring frå flyging på Vestlandet. Han har stort engasjement for vingekontroll og instruksjon, og jobbar for å utvikle tryggleik og ferdigheiter i miljøet.
Velkomen til tre dagar med fokus på utvikling, meistring og flyglede på Voss 🪂
Meir informasjon
I 2026 vil klubben tilby ein ny modell for SIV-kurs i samarbeid med CO-pilot paragliding. Instruktørar på kurs vil vere Anton Chruickshank som er godkjent instruktør i Voss HPK og Loen luftsportklubb. Ilag med Mael Jimenez tilbyr vi eit inngåande kurs med tre fulle dagar for flyging.
Grunnen til at vi går for denne modellen er at det gir deltakarane ein spesialkompetanse, og dermed auka kvalitet på gjennomføringa. Vi trur at det tilfører heile miljøet meir tryggleik og motivasjon for å trene. I tillegg vil vi parallelt ha fokus på å få fram fleire lokale SIV-instruktørar, så ta gjerne kontakt om du er interessert i dette.
Praktisk opplegg
Prisen er 10000 kr, kor du betalar 3000 kr i depositum ved påmelding for å sikre plassen og kursgjennomføring. Resten av innbetalinga gjerast seinast ei veke før oppstart.
- Tre-dagars kurs, kor berre vêr og kapasitet set begrensingar for tal turar.
- Passar for alle nivå frå PP3 og oppover då du får øvingar spesielt tilpassa deg.
- Deltakarar fyller ut skjema med utfyllande info før oppstart.
- Opplæring og trening på nødkast
- 8 deltakarar fordelt på to instruktørar
- Tett oppfølging ved personleg brief og debrief for kvar tur
- Lån av tovegs kommunikasjonssystem under flyging
- Demonstrasjonsvideoar av øvingane blir tilsendt på førehand
- Bemanna redningsbåt på vatnet under heile kurset
- Rabatt på Voss Gondol sommarkort for kursdeltakarar
- Perfekt oppladning til Ekstremsportveko som begynner 21.juni – kursdeltakarar og klubbmedlemmar får får rabatt på festivalpass!
Utstyr
Vi anbefaler å trene med det utstyret du brukar til vanleg. Om du er i tvil er det ein fordel å stille med det utstyret du kjenner best, og med høgast passiv sikkerhet. Det er ein fordel å trene inn nye øvingar med seletøy med sitteplate. Du må ha seletøy med nødskjerm som er pakka om i år. Ta gjerne kontakt med Anton om du har spørsmål om utstyr.
Flystad
Voss gondol er ope kvar dag under kurs, og blir vår treningsarena. Her er det enkel tilgang til Hangurstoppen auststart og sørstart. Ved behov kan vi shuttle frå toppstasjonen til sørstart med klubbilen. Landinga er hovudlandinga vår framfor kulturhuset, to minutt å gå til gondolen. Den er stor nok for PP2, som ivaretek tryggleik sjølv med litt redusert kapasitet etter trening på nye øvingar.
Opningstider

Vilkår SIV-kurs
Avmelding
Vi oppfordrar til å gjere avmelding så tidleg som mogleg. Ved avmelding seinare enn to veker før kursstart får du ikkje refundert depositum. Dersom vi greier å fylle plassen din får du full refusjon.
Kansellering
Tre dagar gir oss meir rom for trening og gjennomføring dersom det ikkje er optimalt vêr kvar dag.
Vi legg opp til å gjennomføre dag 1 på alle kurs. Om vi ikkje kan fly første dagen blir det alternativt opplegg med trening på nødkast, teorileksjonar, groundhandling og gjennomgang av videomateriell. Deretter har vi ei meir realistisk vêrmelding for dei komande dagane.
Dersom vêrmeldinga for dei to neste dagane ikkje gir håp for flyging kan vi kansellere resten av kurset og deltakarane får tilbakebetalt restbeløpet på 7000 kr.
Krav
Dette er krava henta frå utdanningsprogrammet. Under kurset har instruktørane fokus på gradvis progresjon og innlæring av nye ferdigheiter. På den måten får du ein naturleg veg mot å gjennomføre krava under kurset.
Før deltaking på sikkerhetskurs: Ha trent på nødskjermkast i simulert situasjon, til dømes i gymsal.
Krav for å bestå kurset:
Bestått kurs med følgjande øvingar som minimum:
a) Einsidig innklapp på minimum 50 %, på begge sider.
b) Einsidig innklapp på minimum 50 % med bruk av speed, på begge sider.
c) Full frontinnklapp.
d) Inngang til spinn med kontrollert utgang før spinn oppstår. Maksimal rotasjon på 90 grader og utgang utan store innklapp, på begge sider.
e) Harde 360-graders svingar eller stupspiral, med kontrollert utgang. Skal utførast til begge sider. Bremseskjerm (Anti-G) kan nyttast ved behov.
Tilrådde tilleggsøvingar, dersom instruktøren vurderer eleven som kvalifisert:
f) Minimum 360-graders spinn med kontrollert utgang i sving utan store innklapp.
g) Totalkollaps med kontrollert oppslepp og utgang utan store innklapp.
h) Autorotasjon
Tandemkurs
Tandeminstruktørkurs blir sett opp ved etterspurnad kvart år.
Har du lyst til å bli tandemflygar? Les meir her
For å få lov til å ta med seg passasjerar i lufta er det ein del ting som må vera på plass. Nedanfor har me samla informasjonen frå sikkerhetssystemet, utdanningsprogrammet og tandemkompendiet.
I Voss -hang og paragliderklubb er det fagleg leiar i samarbeid med sikkerhetsgruppa i klubben som vurderar kandidatar til tandemkurs.
Send ein mail til sikkerhet@vosshpk.no
Krav for å bli tandeminstruktør
1. Innehatt flygebevis for paraglider i minimum 2 år.
2. Inneha kompetansebevis PP5.
3. Vera minimum 18 år gammal.
4. Minimum 200 flyturar med paraglider.
5. Minimum 100 flytimar med paraglider.
6. Minimum 5 dokumenterte flyturar med annan flygar som passasjer, bevitna og godkjent av tandeminstruktør.
7. Vera godkjent av faglig leiar i ein klubb ein har vore medlem i minimum 2 år.