Innhald

Grunnkurs Speedriding

Kva er grunnkurs?

Eit grunnkurs i speedriding er det første kurset du treng for å komme i gang med sporten. Eit grunnkurs krevjar ingen forkunnskapar frå luftsport, men du må vere fylt 18 år. Det er anbefalt å vere i alminneleg fysisk form, og ha gode skiferdigheiter. På kurset lærer du grunnleggjande tekniske ferdigheiter og teori, slik at du kan fortsette å lære og trene på ferdigheiter på eiga hand. 

Kurset er på Voss og går over 9 dagar. Alle grunnkurs går om vinteren med ski på beina, så vi er mykje i skisentera på Voss. Både Myrkdalen og Voss Resort. På dagtid er vi ute så mykje som mogleg når vêret tillater det, og om ettermiddagen har vi teoriundervisning på klubbhuset i Bømoen. Dersom vêret er bra, er det mogleg å få utstedt kompetansebevis SPG2 under kurset. Då kan du fly på eiga hand på stader kor du har fått utsjekk av instruktør. Viss du ikkje får SPG2 under kurset vil vi hjelpe deg å få fullført progresjonen før sesongen er over. 

Filmen nedanfor gir deg eit lite innblikk i korleis det er å vere på kurs på Voss

Kompetansebevis og forventningar

Du må setje av heile dagen, kvar dag under kurset for å kunne oppfylle minstekravet for kompetansebevis SPG2. Det er likevel ingen garanti for at ein vert ferdig med alt som skal til for SPG2 i løpet av ni dagar. Kor langt ein kjem i progresjonen under kurset er heilt vêravhengig. Vi fullfører uansett all teori, teoriprøve og praktisk trening.

Alle har forskjellige føresetnadar og erfaringsgrunnlag, og brukar difor ulik tid på progresjonen. Dersom ein ikkje får gjennomført nok flyging vil vi gjere vårt beste for å hjelpe deg mot kompetansebevis før sesongen er over. Vi anbefalar alle å melde seg på progresjonssamlinga. Det er lærerikt,  sosialt og gir større moglegheit for å få fullført progresjonen. 

Om du er motivert for å komme i gang med flyging etter kurs er det anbefalt å setje av så mykje tid som mogleg resten av vintersesongen. Helger, ferie og vekedagar om mogleg. Eit godt tips er å vere igjen på Voss eit par dagar etter kurs for å fortsetje eigentreninga. Flyging er avhengig av riktig vêrforhold, så det er bra å vere førebudd på kva det krevst av tid, innsats og tolmodigheit. 

Ofte stilte spørsmål

Påmelding og venteliste

Vi har erfaring med at kursa blir fylt opp kvart år. Dersom du er motivert for å lære å fly i 2026 er det anbefalt at du melder deg rett på kurs med ledig plass og betalar depositum. Berre då er du garantert kurs. Det er sjølvsagt usikkert om ein melder seg på venteliste til fulle kurs.

Avmelding

Avmelding må gjøres tidligere enn 30 dager før kursstart for full refusjon. Ved avmelding senere enn 30 dager før kursstart tilbakebetales kun et evt. restbeløp. Blir du skadet/syk og ikke kan delta så vil normalt din reiseforsikring dekke alle utgifter/depositum/restbetaling.

Dette gjøres ved å ta direkte kontakt med Malene på e-post: malene@vosshpk.no. Dersom det skulle haste kan man ta kontakt på mobil: 90508620.

Klubbhuset i Bømoen

Adresse flyplassvegen 135 er basen vår heile kurset. Her er vi rett ved Voss fallskjermklubb sine lokale. Vi har avtale om samarbeid og bruk av fasilitetar. Klubbhuset vårt vert nytta som undervisningsrom og tørk av utstyr gjennom veka. Rett utanfor har vi område vi nyttar til praktisk trening når vi ikkje er i skibakkane. 

Krav til deg

Eit grunnkurs krevjar ingen forkunnskapar frå luftsport, men du må vere fylt 18 år. Det er anbefalt å vere i alminneleg fysisk form, og ha gode skiferdigheiter. Det betyr at du kan ta deg ned rød løype, og du kan køyre utanfor løypene i varierande snøforhold og terrenghelling. Det på ein komfortabel og trygg måte. 

Utstyr

Du bruker klubbens seletøy og skjerm under heile kurset. Det betyr at du treng ikkje å ha skaffa eige utstyr til kurset, og helst ikkje. Då kan vi hjelpe deg å finne utstyr som passar deg og ditt bruk. Skal du kjøpe utstyr på førehand må det vere godkjent av instruktøren på ditt kurs. Send mail til malene@vosshpk.no

Vi godkjenner ikkje parakite på elev-, eller SPG2-nivå. Det vil seie verken moustache, line eller liknande vinger sjølv om vingestorleik er innanfor mtp. vektbegrensingar. Det er på grunn av at desse vingene krevjar erfaring og god vingekontroll før ein begynner å fly dei. 

Du treng ein hjelm i god stand som er sertifisert CE1077. Dei fleste skihjelmar har denne sertifiseringa, men sjekk på førehand. Du kan også låne hjelm under kurset, til du får skaffa eigen. 

Ta med PC for gjennomføring av teoriprøve. 

Ski

På kurs i speedriding må du ha eige skiutstyr som fungerar godt i alpinbakken, både i og utanfor løypa. Her er kjent utstyr det beste, så du treng ikkje å kjøpe nytt dersom du har noko som fungerar for deg. Du må ha moglegheit til å feste ski slik at du ikkje kan miste den under flyging. Då er fangreim til skia ei moglegheit, eller å låse techbinding i gåmodus. Du kan ikkje ta kurs med snowboard/splitboard. 

Skikort

Vi er ute i skisentera Myrkdalen og Voss resort så mykje som mogleg under kurset. Det blir som regel minst 6 dagar, men helst fleire. Då er som regel dei 5 første dagane i Myrkdalen. Då kan du vurdere sjølv om du ønsker å kjøpe fleire dagskort eller sesongkort. Oppdaterte prisar under medlemsfordelar.

Bur du på Voss? Vi har Vossarabatt

Vi vil gjerne ha deg med i klubben og lokalmiljøet. Dersom du bur her og har folkeregistrert adresse på Voss får du 2000 kr rabatt på kurset. Når du er påmeldt kurset kan du ta kontakt på mail malene@vosshpk.no, for å få tilsendt promokode til bruk ved restbetaling. 

Overnatting

Fleire vel ofte å bu ved klubbhuset på Voss fallskjermklubb. Det er veldig praktisk, rimelig og sosialt. Her får kursdeltakarar medlemspris. Du finn info og reservasjon her.

Transport

Vi oppfordrar til samkøyring og nyttar klubbilen for køyring til kursaktivitet heile veka. Elles nyttar vi gruppa for kommunikasjon til å samkøyre utanom kursopplegg. Lenke til whatsapp-gruppa får de tilsendt ved påmelding.

Sjekk ut medlemsfordelane våre 

Her har vi rabattar på utstyr, overnatting, mat og heispass på Voss. 

Påmelding

Pris 

Kurspris er 15.000 kr og dette inkluderer kursgjennomføring ved tett oppfølging frå instruktørar, teoriundervisning og praktisk trening.

I tillegg er det inkludert: 

Bruk av speedglider (vinge) og seletøy under kurset. Det inkluderar også bruk etter kurset for oppfølging så lenge kapasiteten rekker.

Transport med klubbil (9 seter) til kursaktivitet.

Ein sosial og kjekk fellesmiddag med heile gjengen. 

Oppfølging under progresjonshelga torsdag – søndag, 23. – 26. april i Myrkdalen – sett av datoen!

Utgifter utanom er:

Læremateriell 450 kr 

Samlefaktura som inneheld forbundskontigent, medlemsavgift seksjon og klubb, og obligatorisk forsikring (lisens) på tilsaman 2686 kr som senior. Sjekk ut kontigentkalkulatoren til NLF. 

Heispass for dagane vi er i skianlegg. Her får vi medlemsprisar som vert oppdatert årleg.  

Døme for senior medlem i forbund, seksjon og klubb med obligatorisk forsikring.

Betaling for kurset

Du betalar 5000 kr i påmeldingsavgift. Deretter er det restbeløp på 10 000 kr.

Betal restbeløp minimum ei veke før kursstart. Bruk samme e-postadresse som ved påmelding, så er det lett å registrere alt innbetalt. 

Medlemsskap og forsikring

For å ta grunnkurs må du vere medlem i klubben og oppmeldt til kurs gjennom vårt system. Bli medlem i klubben her. Deretter fiksar vi resten, og du vil få tilsendt ein faktura frå MinIdrett. 

Du skal ikkje betale fakturaen før tidlegast etter 1. november 2025. Då får du faktura for medlemsskap og forsikring som gjeld for 2026. 

Betaling for medlemskap og forsikring kjem som e-faktura i nettbank og på Vipps. Du finn også fakturaen i handlekorga di i MinIdrett. Fakturaen er klar omtrent ei veke etter du er innmeldt i klubben. Medlemsskap og forsikring må være betalt minst ei veke før kursstart, og betalast med kort eller Vipps direkte i MinIdrett. Basis forsikring er obligatorisk, og kjem på same faktura som medlemsskap. 

Det er anbefalt å ha eiga forsikring i tillegg, gjerne ei reiseforsikring som dekkar luftsport. Meir info om dette finn du her.

Loggbok

Til å loggføre alle flyturar nyttar vi elektronisk loggbok «Flightlog».

Vi er pålagt å logge alle turar slik at det kan kontrollerast ved fornying og utstedelse av kompetansebevis. Opprett ein profil i god tid før kurset, og velg «Voss Hang- og Paragliderklubb» som din klubb. 

Kommunikasjon

Du får tilsendt lenke til Whatsapp-gruppe på e-post. Her kjem meir informasjon ang. kurset, og det er berre her videre kommunikasjon under kurset skjer. I gruppa kan ein ta opp spørsmål og avtale praktiske ting som samkøyring og overnatting. Den står de fritt til å bruke både før, under og etter kurset.

Læremateriell 

Boka kostar 450 kr, og kan bestillast herDen bør ein ha gjort seg kjent med, og ha lest i på førehand for betre forståing under teorileksjonane. 

Aktiviteten er regulert av sikkerheitssystemet for HPS, og utdanningsprogram for speedgliding. Oppdatert info finn du på NLF/HPS sine sider som er lenka nedanfor. 

Her er ein fin film som gir innblikk i paragliding og teori før kursstart. Mykje av dette er direkte overførbart til speedriding.

Kursgjennomføring

Eit grunnkurs krevjar ingen førkunnskapar frå luftsport, men du må vere fylt 18 år. Det er anbefalt å vere i alminneleg fysisk form, og ha gode skiferdigheter. Kurset går over 9 dagar med oppstart laurdag morgon og avslutning neste søndag ettermiddag. Det vert undervist teoretisk og praktisk dei ulike emna lista nedanfor. 

Tidsbruk

Timefordelinga er omtrentleg, men gir eit inntrykk av korleis kurset er lagt opp. 

Aerodynamikk: 2 timar
Meteorologi: 3 timar
Praktisk flyging: 3 timar
Lover og reglar: 2 timar
Materialkunnskap:2 timar
Førstehjelp: 2 timar
Skulebakke/bakkekontroll: 16 timar
Høgdeflyging: 64 timar

Før utstedelse av SPG2 skal kandidaten ha bestått teoretisk prøve i emna: aerodynamikkmeteorologilover og reglerpraktisk flygingmaterialkunnskap og førstehjelp. Det er fleirvalsprøve med ti spørsmål i kvart av emna. Prøva vert gjennomført elektronisk, så du treng smarttelefon eller PC. 

Erfaringskrav Speed Pro trinn 2

Som eit minstekrav for å få utstedt kompetanebevis må ein ha gjennomført totalt 6 dagar med praktisk trening med speedglider. Herunder kjem bakkehåndtering, kiting, speedriding og flyging.

Ein må ha logga totalt minimum 50 vellykka flyturar. Undervisninga startar i skulebakke og går vidare til progresjonsturar i mellomstadiebakke. Her må ein ha minimum 20 speedgliderturer med høydeforskjell tilstrekkelig til å gjennomføre øvingar.

Gjennomført følgende øvelser med tilfredsstillande kontroll:

  • Framlengsstart
  • Baklengsstart
  • Kiting. Ved manglende vind kan det utføres i svak helling, eller ved bakkehåndtering.
  • Sving med vekskifte
  • Sving med styreline
  • Flate svingar
  • Svingar med større høgdetap
  • «Touch and go» med presisjon
  • Sving med D-risere
  • Speedriding med konstant bakkekontakt
  • «Slalomløype» som  gir flyging og speedriding med sving på anvist stad.
  • Flyging med forskjellig trimsetting.
  • Skistart
  • Firkantinnflyging
  • Åttetalsinnflyging
  • Presisjonslanding

Sjekkliste før kurs

  1. Sjekk at du er påmeldt – du får bekrefting på e-post når du har betalt depositum og påmeldinga er fullført. Her får du også betalingsinformasjon for restbetalinga.
  2. Meld deg inn i klubben her.
  3. Betal samlefaktura i MinIdrett: medlemsskap i forbund, seksjon og klubb, og forsikring. 
  4. Signer kurskontrakt elektronisk. Den blir tilsendt på mail for elektronisk signering ei veke før oppstart. 
  5. Sjekk at du har passande utstyr. Du treng alpintski eller toppturski med tilhøyrande skisko. Kjent utstyr er det beste. Du treng hjelm som er sertifisert CE1077.  Vinge og seletøy får du låne av klubben, og du kan låne hjelm om nødvendig. Ski skal vere forsvarleg festa til kroppen ved flyging. Då er fangreim til skia ei moglegheit, eller å låse techbinding i gåmodus. 
  6. Send e-post til kurskoordinator dersom du har utstyr frå før: malene@vosshpk.no.
  7. Avmelding gjerast tidlegare enn 30 dagar for å få full refusjon.
  8. Betal restbeløp minimum ei veke før kursstart. Bruk samme e-postadresse som ved påmelding, så er det lett å registrere alt innbetalt. 
  9. Lag brukar på flightlog.
  10. Sjekk at du er medlem i Whatsapp-gruppa. I løpet av ettermiddagen dagen før oppstart kjem melding om oppmøte første kursdag.
 
         No er du klar for å lære å fly!
 
Translate »