Her finn du informasjon om progresjonskurs etter utstedt SPG2. Det vert sett opp kurs fortløpande ved behov. For å melde interesse, eller om du har spørsmål kontakt dagleg leiar på mail: malene@vosshpk.no.
Fotstartkurs
Det fjerde og siste fotstartkurset før vinteren vert gjennomført med vêrforbehold 1.-2. november. Kursinstruktørar er Eilif Rosnæs og Håvard Haugen.
Det vert gjennomført på Voss eller Loen, avhengig av vêrmelding. Det blir tatt en avgjersle to dagar før oppstart mtp. gjennomføring. Alle beskjedar blir gitt i whatsapp-gruppa lenka nedanfor. Det er ikkje sikkert vi får fullført heile kurset pga. vêr, men då følger vi opp så snart vi har moglegheit. Elles kan ein følgje neste kurs for fullføring og meir trening.
Utstyr
Du treng utstyr som er godkjent av instruktør og eigna for ditt nivå og fotstarting. Ta kontakt om du er i tvil, og meld i frå til din instruktør om du treng å låne klubbutstyr.
Kommunikasjon: bli med i Whatsapp-gruppa.
Påmelding i MinIdrett: https://www.minidrett.no/kurs/18471028
Betaling: Pris for kurs er 2900 kr, betaling vert gjort ved gjennomføring ved denne betalingslenka.
Sjekk at du oppfyller krava
Krav for å delta på fotstartkurs er å inneha gyldig SPG2 kompetansebevis samt:
a. Flydd frå minst 5 forskjellige flystader.
Bestått fotstartkurs har følgande krav som minimum:
a. Framlengsstart.
b. Baklengsstart.
c. Avbrutt start.
d. God flare og trygg landing.
e. God forståing for faremoment ved fotstart med speedglider.
Kravet til gjennomført og bestått fotstartkurs for å kunne fotstarte med speedglider gjeld ikkje innehavar av elevbevis SPG2 utstedt før 29.11.2021.
Kurs i avanserte manøvrar
Påmelding skjer i MinIdrett, og lenke til datoar finn du nedanfor. Pris for kurs er 2900 kr.
Du kan delta på kurs for avanserte manøvrer etter at erfaringskrava til SPG4 er oppnådd:
- 200 loggførte speedgliderturar etter utstedt SPG3 kompetansebevis, eller 100 loggførte speedgliderturar og 15 flytimar med speedglider etter utstedt SPG3 kompetansebevis.
- Innehatt SPG3 kompetansebevis i minst 12 månadar.