Velkommen til ei ny luftig veke på Voss! Her finn du viktig informasjon for alle paraglidarpilotane under Ekstremsportveko 2026, anten du er relativt fersk eller er ein erfaren pilot. Meld deg på her om du ikkje har gjort det endå!
Viktig før du flyr
- Gyldig kompetansebevis og betalt kontigent er påbudt
- Utanlandske pilotar finn info her – det skal vere gyldig lisens og forsikring.
- Det er krav om å bruke SafeSky på kvar flytur for synlegheit og tryggleik i lufta.
- Last ned 113-appen for varsling med posisjonsdeling og trygg rettleiing.
- Bli med i WhatsApp-gruppa for PG-utøvarar Aktiver varslingar – dette er vår hovudkanal for tryggleik-, vêr- og aktivitetsvarslingar.
Voss gondol
Gondolen held ope ekstra lenge for oss under Veko, og du kan ta første tur opp kl. 08.30 kvar morgon. Frå onsdag til laurdag er det ope til 21.30.
I år får du ein eigen gondolbillett for denne veka til 1190 kr – då er passet gyldig heile festivalen (tom. søndag). Viss du skal tilbake til Voss i løpet av sommaren kostar sommarkortet 1570 kr og varar til 18. oktober. Prisar og billettar under veko finn du her.
Kommunikasjon og samlingspunkt
Radiofrekvens for luftsport i Noreg: 154.175 – brukast under flyging
Fysisk møtestad: kartlenke til landing ved Vangsvatnet
Her er frivillige til stades kvar dag frå kl. 09:00, klare til å hjelpa deg.
Flygechat for Voss og omegn – I tillegg til gruppa for utøvarar har vi ei lokal chatgruppe for viktige beskjedar, forhold, luftrom og oppdateringar om flyging lokalt på Voss året rundt.
Tryggleik
Startmarshall på hovudtart på Hangurstoppen og andre startar kvar dag.
Land same retning som pilotane framfor deg og ta omsyn til kvarandre. Ingen landing på tvers av landingsområdet.
Båtberedskap på Vangsvatnet alltid ved all planlagt aktivitet, og fram til kl. 16.00 kvar dag.
Ta med eige førstehjelp i sekken så er du førebudd på smått og stort.
Ver ein venn og hjelp kvarandre! Vi flyr betre og tryggare saman.
Ved ulykke
Skaff oversikt, sikre eigentryggleik og start førstehjelp.
Ring 113 – bruk appen for å dele posisjonen din.
Kontakt luftromskoordinator/fagleg leiar når du har kontroll på situasjonen:
Malene Hetle Hole: +47 905 08 620
Program og aktivitetsguide
Ny på Voss?
Generell info for gjesteflygarar: vosshpk.no/visiting-pilots-voss
Om flyging på Voss (norsk):
Fly på Voss
Flystader: starter og landingarFor sosialt og samling har vi girls gathering, BBQ og Erlends film frå eventyret X-alps er absolutt verdt å få med seg.
For ferske pilotar og deg som er litt rusten
Trygg, roleg og lærerik flyging – dette er for deg:
Morgonflyging på Gjelle dag 1
Næra start og enkel landing – i programmet som presisjonslanding.
Presisjonslanding frå Hangurstoppen dag 2
Når du er meir varm i trøya – med briefing frå startmarshall og hjelp på landing.
Frukost på Lønahorgi (PP2): helikoptertur, fin start på snø, og instruktør tilgjengeleg for brief.
For deg med meir erfaring
Aurland (PP3): Fjordutsikt og transport inkludert. Det krevjar presisjon på landing.
Hike & Fly Rimstigen (PP3): nydeleg tur med enkel start og landing. Ver førebudd på ein over middels fjelltur i lengde og utsikt.
Raft Landing (PP3): presisjonsøving med potensiell vasslanding – redningsbåt er på plass.
Akrocamp (PP4+): Ei kjekk treningssamling i fellesskap kor du kan trene manøvrar over vatn med opplæring frå erfarne pilotar. Her treng du SIV-kurs bestått eller akroutsjekk avhengig av kva du skal trene på.
Distanse paragliding (PP5 XC): Det blir lagt opp til distanseflyging kvar dag det er forhold. Ansvarleg for XC vil legge opp til briefing slik at tilreisande og lærevillige kan få eit godt utgangspunkt. Det er konkurranse kvar dag kor vi hentar resultat frå XC-track, så her er det moglegheiter for å sanke distanse i potten kvar dag.
Kjenner du deg litt ekstra sprek kan du sjekke ut desse aktivitetane
Climb and fly: Turen går til Lønahorgi og du må ha noko erfaring med enkel klatring og sikring.
Hike and Fly konkurranse: Her går ferden til Hangurstoppen, til Gjelle og tilbake til Vangen. Ei god økt med to flyturar.
Hike and Fly til Vekocruise: Ei legendarisk oppleving i Sognefjorden ilag med heile speedflyer-gjengen. Landing ved fjorden og rett på cruise!
Luftrom
Under veko er det særleg mykje aktivitet. Difor er det viktig at vi følger oppmodinga ovanfor med Safesky og følger med i Whatsapp-gruppa.
Kva skjer?
Generelt under veko har sjølvsagt oss paraglidarpilotar og speedglidarpilotar som flyr frå ulike flystader på Voss og omegn denne veka. På vangsvatnet er det opptrekksbåt som kan trekke opp tandem med og utan rullestol og singel paraglidar kvar dag.
I tillegg er det fire fallskjermfly i lufta frå 08.00 – 21.00 kvar dag med utgangspunkt i Bømoen. Her er det også motorfly og seglfly som tek av og landar hyppig.
På toppen av dette kjem beredskap og hendingar. Ein må forvente helikopteraktivitet knytt til dette som vanleg. På Voss har vi sjukehus, og det hender stadig at luftambulansen kjem inn for landing.
På bildet ovanfor er ei generell oversikt over Voss sine startar, vanlege ruter og landingar.
Flystader på Voss
Tverrberg er stengt heile Veko. Det er grunna luftromsproblematikk, og at vi ikkje har tilgjengeleg landing. Den einaste landinga vi har lov til å nytte vert brukt til festivalcamp heile veka.
Landing i Aurland hos Maren er stengt heile festivalen på grunn av høgt gras. Ver venleg å hjelp oss å respektere grunneigarane. Dersom det blir opna, eller vi får bruke alternative landingar vil vi dele dette i den lokale flygechatten og utøvargruppa.
Status flystader
Hangur aust – hovudstarten på Voss
Lett tilkomst frå Voss Gondol og ofte flott for flyging om morgonen og tidleg på dag når det er lite vind og sol, fram til vinden dreier mot sør. Det er ikkje optimalt å ta av med vind frå sør då det kan bli le effekt og rotor som aukar sjansen for innklapp og synk etter start. Landing er ved kulturhuset, hovudlandinga til klubben.
Hangur sør – utgangspunkt for termikk
Fungerer godt for start midt på dagen når det er sol og termisk aktivitet. Startområdet er litt flatare, så planlegg springebana ut frå terreng og forhold.
Ver merksam på om vestavinden byrjar å ta over. Då vert dette ei leside, noko som gjer starten meir krevjande og aukar risikoen for kollaps under oppstart. Landing er ved kulturhuset, hovudlandinga til klubben.
Ettermiddagsflyging
Rokne – lokal gåtur
Denne starten er ofte fin å bruke ved vestleg vind om ettermiddagen eller for roleg kveldsflyging. Vurder vindstyrken nøye før start – enkelte dagar kan det vere kraftig løft på ettermiddagen. Landing på stranda eller på Gjelle-landinga.
Ver merksam på kraftlinjer, og planlegg ein alternativ landingsplass i nærleiken dersom det er mykje vind.
Det er ein fin gåtur opp til start. Ikkje parker på privat grunn eller private vegar. Det er mogleg å parkere på toppen og gå ned til starten.
Liaset – ettermiddag med flott utsikt
Det er ofte vestleg vind på ettermiddagen som kan gjere Liaset godt eigna. Her er det bilveg heile vegen opp, men ta gjerne ein høg bil som tålar køyring på traktorveg. Det er høge tre nedanfor starten så sørg for gode tryggingsmarginar ved start. Ved sidevind er forholda ikkje ideelle. Landing er ved Nesheimstunet eller andre stader ved avtale.
Me har ein alternativ landingsplass som ikkje open for fri bruk, men vi spør om løyve kvar gong. Landinga er godt eigna for PP2+ og tandem i rolege vindtilhøve i dalen. Dersom vi kan nytte den under festivalen delar vi info i flygechat og utøvergruppa.
Hangurstoppen med hovudlanding på Kulturhuset
- Alternative landingar: Ringheim, Voss VGS og grandane.
Gjelle og Rokne
- Landing Lotatreet og Grandane.
Landinga på Prestegardslandet er førbeholdt konkurranse, opptrekk og show.
Velkommen til ei trygg og spektakulær veko! 💙
Er det noko du lurer på? Ikkje nøl med å ta kontakt med frivillige eller klubbens representantar.