Erfaringsnivå
Flystaden er mykje brukt, og starten er eigna for paragliderpilotar, ikkje for speedflying. I gode, forutsigbare start- og flyforhold er det fint for erfaren PP2 og oppover.
Starten
Starten er open og stor. Ved lite startvind bruk sletta nedanfor vegen. Start i kaldluftras/baktrekk kan gje raskt synk, ver trygg på at du har god klaring til høgspent under start.
Solgangsbrisen gir ofte tvilsam sidevind, og det er fleire høgspentlinjer under start.
Landing
Landing på Grandane eller Minigolfen, om du når fram. Det kan halde knapt på sklitur. Ved landing på stranda/grandane må du sjekke vannstand før landing. Storleiken på denne landinga varierar veldig med høgda på Vangsvatnet. Ha alltid reserve plan for landing. Ein kan fly rett fram mot Lotatreet (Gjelle-landing). Det er også mogleg å lande på stranda ved reinseanlegget, då er det kortare å gå over gangbrua til Minigolfen.
English
Drive heading Bordalen. Exit to the left and the skiing facility. Drive toward Skutle, but exit left in two following intersections out towards Sonveåsen and Voss. Follow a descending hiking path to the launch, it takes about five minutes. Landing on Grandane, Minigolfen, or the Gjelle-landing. Check the water level before landing on the beach by the lake.



