Status
Denne flystaden er stengt under Veko 2026 pga. stor aktivitet i luftrommet med 4 fallskjermfly, motorfly og seglfly.
Det er ingen landing for denne startplassen under Ekstremsportveko. Landinga vi har avtale på vert nytta som camp under festivalen. Vi har ikkje lov til å lande på nokon av jorda som ligg i nærleiken. Det har vi fått tydeleg beskjed om tidlegare så ver venleg å hjelp oss med å respektere grunneigarane i området.
Erfaringsnivå
Denne starten passar frå PP3 og oppover. Det er stupstart, og ofte rotor både på start og landing.
Luftrom
Frå denne starten er ein tett på flystripa på Bømoen og innflyginga til fly og helikopter. Over bosplassen/Bjørke-gardane, mellom fjellet og bane 09 er finale for fly, og seglfly kjem stille. Ver observant og gjer ditt for å unngå konflikt. Legg spesielt merke til det skraverte oransje området på luftromskartet ovanfor. Ved mykje aktivitet under Ekstremsportveko og høgsesong sommar er det høg risiko å fly inn i dette området.
Fly difor ikkje lenger vest enn landinga på parkeringa ved skytebanen, og fly ikkje lenger sør enn landinga ved skytebanen om du er utanfor hangkanten. Det går fint å fly sørover om ein ligg langs hangkanten.
Start
Bjørnestigen på 400 moh. er ein vestvendt start opparbeidd i 2012, og ligg rett aust for flyplassen på Bømoen, du ser starten litt til venstre for enden av flystripa.
Starten er vestvendt og fin når solgangsbrisen gjer det umogleg å fly på andre flystader på Voss. Her er HG-rampe og PG-starten ligg like ved. Stup under starten, og flystaden passar best for erfarne. Topplanding mogleg også for erfarne, men ikkje ideelt. Kan vere utgangspunkt for distansetur.
Landing
Fast landingsplass er ikkje etablert, men me har avtale om landing på parkeringsplassen til skytebanen. Vi har ikkje løyve til å lande nokon stad på dyrka mark på Bjørke. Me ber om at alle hjelper kvarandre å respektere dette.



