Start
Liaset er ein vestvendt start på austsida av Lønavatnet. Ny start opparbeidd i 2012. Gamlestarten er 250 m lenger inne ved stølane, der kan du lett topplande.
Ofte rolege vindtilhøve og fine løft her, sjølv om det bles godt på Vangsvatnet. Ypperleg for termisk kveldsheng og topplanding. Også mogleg å finne hang på kant under start, om du ikkje kjem opp.
Landing
Det er gitt permanent tillatelse frå grunneigar til å landa nedanfor Nesheimstunet. Det er eit beiteområde på ca 60x200m, flat mark.
Grunneigar minner om at grindene skal nyttast når ein går frå landingsområdet mot vegen og ikkje tråkka over gjerdene. Det er ynskjeleg at ein pakkar skjerm utanfor beitområdet. Vis hensyn til dyr som beiter på området og land primært der det er kortast gras. Av hensyn til fuglereservatet som ligg ved Lønaøyene, ber me pilotar å fly siste del av innflyginga på austsida (vekk frå vatnet).
Parkering skjer ved sida av vegen ved Nesheimstunet, ver venleg om ikkje fyll opp parkeringa med omsyn til gjester. Sjå vedlagte kart og bilete for detaljar.
Ved spørsmål om landingsområdet, ta kontakt med Einar Såkvitne på tlf.: 91374972.