Hangurstoppen-aust ligg 820 moh., og er vår hovudstart på Voss. Den er eigna for PG og SPG på alle nivå både sommar og vinter, men ein lyt ta omsyn til vêrforhold, luftrom og lokale retningslinjer.

Kompetansenivå
Starten er eigna for alle. Ein kan starte med og utan ski avhengig av forhold og ferdigheiter.
Starten krevjar eit høgare kompetansenivå og evne til å vurdere eigne ferdigheiter ved marginale vindforhold. Dvs. lite vind, sidevind eller sterk vind. Det gjeld også ved termisk aktivitet.
Vêrforhold
Optimal vindretning på start er svak-moderat vind frå aust. På dagar med lite vind vil det ofte stå jamn, svak vind rett inn på start frå morgonen av.
Ved godværsperioder om vinteren er det som regel austavind. Då kan det også vere fint å topplande her for erfarne pilotar (PP4+).
Hangurstoppen aust har eigen værstasjon. Sjekk også høgareliggande værstasjonar for å kontrollere høgdevinden, og vêrstasjon på Vangen for å ha kontroll på landingsforhold og evt. vindskjeringar på vegen.
Termikk
Termikk kan oppstå i 11-12-tida. Då kan det kan være fint å fly i termisk løft på austsida av fjellet for pilotar på alle nivå.
Om du flyr over på sørsida av Hangurstoppen seinare på dagen vil termikken kunne bli mykje kraftigere her enn på austsida. Er det austavind må du også halde tilstrekkeleg avstand til terreng og gondolkablane når du passerar rundt til sørsida.
Ved termiske forhold om vår og sommar vil vinden ofte dreie over på sør utover dagen. Då er det for skrå vind for å starte på auststarten, og ein kan gå ned på den sørvendte Hangurstarten.
Høgdevind
Vær obs på eventuell sterkare høgdevind ved hangflyging. Hald god klaring til terreng og gondolkablar om du flyr rundt på sørsida av Hangurstoppen.
Landing
Godkjente landingsplassar:
- Bakkene på Ringheim, utenfor vekstsesong og/eller i kant på traktorveg. Fint for elevar og erfarne.
- Sentrum ved prestegardslandet, ved Kulturhuset, på Grandane. Eigna for alle pilotar ved rolege forhold.
- Øvre parkeringsplass i midtveke ved ingen bilar og folk. Eigna for erfarne SPG3/PP3+.
Ikkje godkjente landingsplassar: I botnen av hoppbakken i Bavallen.
1. Ringheim
Rett under start finn du Ringheimslandinga. Det er eit stort innmarksjorde med vindpølse, som ligg ved ved vegen mot Bavallen. Ved normale forhold dreiast vinden langs fjellet, og du vil som regel lande mot nord her. Landinga er lang og open. Om sommaren er landinga stengt på grunn av grasproduksjon.
2. Hovudlanding
Hovudlandinga på kulturhuset ligg ved Vangsvatnet, like ved Gondolen. Den strekker seg aust-vest, og er grei å lande på ved svake vindforhold.
Blir austavinden sterk, og særleg om det er ein nordkomponent i vinden kan det bli svært turbulent her. Landing på Minigolfen vil også bli turbulent på austavind, og det frarådast då å lande her. Bruk då heller landinga på Ringheim utanom vekstsesong.
Helikopteraktivitet
Vestsida av hovudlandinga på Vangen nyttast av og til som landing for helikopter, både luftambulanse og andre helikopter. Om du ser eit helikopter når du er i lufta, anten på landing eller i lufta bør ein fly til alternativ landing på Prestegardslandet eller vidare bort på stranda i sørenden av vatnet.
Luftrom
Høgdebegrensing: 2286m.
Sjekk linken her for gjeldende luftrom i området: luftrom.info – Norwegian airspace for PG pilots. Vær obs på flyforbudsone over Bømoen flyplass som har fallskjermaktivitet og annen småflytrafikk.