Erfaringsnivå
Hangurstoppen Sør er ein mykje brukt start på Voss. Den er godt eigna for paraglidarpilotar frå PP2 og oppover. Dersom det er termisk er det ikkje eigna for ein fersk PP2. Då krevjar det god vingekontroll i takeoff og utflyging. Denne starten er ikkje eigna for speedglidar.
Start
Hangurstoppen Sør er ein flystad som ofte fungerar når det er termisk. Det er fint å start her i lite vind. Herfra er det flydd mange og lange distanseturer. Blåser det sønnavind kommer vinden ned Bordalen på andre siden av vannet og blir fort kraftig og utrivelig på Hangur sørstart. Så hangflyving på sønnavind fungerer sjeldan bra.
Vær oppmerksam på gondolkablane som går like aust for start. Hald god avstand og ver spesielt forsiktig ved vestavind på start slik at du ikkje blir presset austover rett etter utflyging.
Luftrom
Sjekk lenka for luftrom i området: luftrom.info – Norwegian airspace for PG pilots
- Ta omsyn til flyforbodssone over Bømoen flyplass som har fallskjermaktivitet og anna småflytrafikk.
- Hald god avstand til gondolkablene som går like aust for start.
- Følg med vindforholda på landing ved å sjekke vindteikn på Vangsvatnet.
- Vel landingar som ikkje er tettpakka av folk.
Vêrforhold
Hangurstoppen Aust og Sør har eigne vêrstasjonar, i tillegg til hovudlandinga på Vangen. Det er nyttig å følgje med på alle stasjonane for å få med seg utviklinga gjennom dagen.
Den sørvendte fjellsida kan gi fin termikk frå mars-april til september. Termikken kjem gjerne i eitt-to-tida frå den solvarme fjellsida og bebyggelse under start. Vanleg skybas er 1500-2000 moh.
Frå mai-juni kan solgangsbrisen bli markert og gi vestavind på start – då er det ikkje startbart. Da kan Rokne eller Liaset være alternative startar. Kortid solgangsbrisen kjem kan variere mykje. Nokre gonger allereie i tolv-eitt-tida. Følg nøye med på Vangsvatnet om vinden drar på.
Landing
Fra Hangur sørstart kan du lande på hovudlandinga ved kulturhuset eller på minigolfen. Begge landingar er fine på vestavind, medan Minigolfen er å foretrekke ved vind frå sør.
Ved låg vasstand kan du lande på Grandane, den store grusøren der elva renner ut i Vangsvatnet. Landingane våre delast med vossingar og turistar. Hald god avstand til folkesamlingar for å unngå kollisjonar.
Det skal ikkje landast på Mølstertunet, den graskledde hylla med dyrka mark over bebygging.
Hovudlandinga ved Vangsvatnet, like ved Gondolen, strekker seg aust-vest. Den er grei å lande på ved svake vindforhold.
Ved sterk austavind, og særleg om det er nordkomponent i vinden kan det bli svært turbulent her. Ved sterk austavind anbefalast det å heller å bruke Ringheimslandinga.




