Voss Hang- og Paragliderklubb fyller 50 år – og det skal feirast!
Sidan oppstarten i 1976 har klubben vore ein samlingsstad for flyglede, eventyr og fellesskap. Gjennom fem tiår har generasjonar av pilotar, eldsjeler og frivillige vore med på å utvikle klubben og skape det fantastiske flygemiljøet vi har på Voss i dag.
Laurdag 21. november inviterer vi til jubileumsfest på Voss Vandrarheim.
Vi startar dagen med felles flyging dersom vêret spelar på lag, før vi samlast til fest frå kl. 18.00. Det blir velkomstdrink, god lokal mat, tilbakeblikk på klubbhistoria, underhaldning og musikk. Og sjølvsagt god tid til å mimre om gamle flyturar og skape nye minner saman. Ta på deg finstasen og danseskoa – baren held ope heilt til kl. 02.30.
Dato: Laurdag 21. november 2026
Stad: Voss Vandrarheim
Tid: Frå kl. 18.00
Pris: 350 kr per person
Påmelding: Avgrensa tal plassar til middag
Vi ønskjer både noverande og tidlegare medlemmar, samarbeidspartnarar og vener av klubben hjarteleg velkomne. Vi håpar de vil vere med og markere 50 år med flyglede, fellesskap og gode opplevingar.
Vel møtt til jubileumsfeiring!
Med venleg helsing
Styret og festkomiteen
Voss Hang- og Paragliderklubb
Praktisk
Gjennom helga vil vi få til flyging og sosialt utanom fest, og vil nytte flygechatten for løpande oppdateringar.
Det er ingenting som formidlar historie betre enn bilete og video, særleg i våre sportar. Vi vil gjerne samle saman minner frå klubbens oppstart til no, og då treng vi bidrag frå alle dykk. Det kan lastast opp i disken som er lenka til nedst på sida.