Foto: David Møller

Aktuelt

Paragliding på Ekstremsportveko

Velkommen til ei ny luftig veke på Voss! Her finn du viktig informasjon for alle paraglidarpilotane under Ekstremsportveko 2025, anten du er relativt fersk eller er ein erfaren pilot. Meld deg på her om du ikkje har gjort det endå!

Viktig før du flyr

  • Bruk SafeSky på kvar flytur for synlegheit og tryggleik i lufta.
  • Last ned 113-appen for varsling med posisjonsdeling og trygg rettleiing.
  • Bli med i WhatsApp-gruppa for PG-utøvarar. Klikk her for å bli medAktiver varslingar – dette er vår hovudkanal for tryggleik-, vêr- og aktivitetsvarslingar.

Kommunikasjon og samlingspunkt

Radiofrekvens for luftsport i Noreg: 154.175 – brukast til viktig info.

Fysisk møtestad: kartlenke til landing ved Vangsvatnet
Her er frivillige til stades kvar dag frå kl. 09:00, klare til å hjelpa deg.

Tryggleik

Startmarshall på utvalde startar kvar dag.

Båtberedskap på Vangsvatnet alltid ved planlagd aktivitet.

Ver ein venn og hjelp kvarandre! Vi flyr betre og tryggare saman.

Ved ulykke

  1. Skaff oversikt – start med førstehjelp.

  2. Ring 113 – bruk appen for å dele posisjonen din.

  3. Kontakt tryggleiksansvarleg når du har kontroll på situasjonen:
    Malene Hetle Hole: +47 905 08 620

Aktivitetsguide

Ny på Voss?

For ferske pilotar og deg som er litt rusten

Trygg, roleg og lærerik flyging – dette er for deg:

Morgonflyging på Gjelle (dag 1–2)
Næra start og enkel landing – i programmet som presisjonslanding.

Presisjonslanding frå Hangurstoppen (dag 3–4)
Når du er meir varm i trøya – med briefing frå startmarshall og hjelp på landing.

For deg med litt meir erfaring

Aurland (PP3): Fjordutsikt og transport inkludert. Det krevjar presisjon på landing. 

Hike & Fly Rimstigen (PP3): nydeleg tur med enkel start og landing. Ver førebudd på ein over middels fjelltur. 

Frukost på Lønahorgi (PP2): helikoptertur, fin start på snø og instruktør tilgjengeleg for brief.

Raft Landing (PP2): presisjonsøving med potensiell vasslanding – redningsbåt er på plass.

Luftrom

Under veko er det særleg mykje aktivitet. Difor er det viktig at vi følger oppmodinga ovanfor med Safesky og følger med i Whatsapp-gruppa. 

Kva skjer?

Generelt under veko har sjølvsagt oss paraglidarpilotar og speedglidarpilotar som flyr frå ulike flystader på Voss og omegn denne veka. På vangsvatnet er det opptrekksbåt som kan trekke opp tandem med og utan rullestol og singel paraglidar kvar dag. 

I tillegg er det fire fallskjermfly i lufta frå 08.00 – 21.00 kvar dag med utgangspunkt i Bømoen. Her er det også motorfly og seglfly som tek av og landar hyppig. 

På toppen av dette kjem beredskap og hendingar. Ein må forvente helikopteraktivitet knytt til dette som vanleg. På Voss har vi sjukehus, og det hender stadig at luftambulansen kjem inn for landing. 

På bildet ovanfor er ei generell oversikt over Voss sine startar, vanlege ruter og landingar. 

Flystader på Voss

I utgangspunkt er alle flystader på Voss til bruk som vanleg denne veka. Tverrberg er stengt heile Veko. Det gjeld så lenge det er operasjon på Bømoen. Det er grunna luftromsproblematikk. Denne starten ligg så tett på Bømoen at her kan ein heller fly både før og etter veko. 

Hangurstoppen med hovudlanding på Kulturhuset

  • Alternative landingar: Ringheim, Voss VGS og grandane. 

 

Gjelle og Rokne 

  • Landing Lotatreet og Grandane. 

 

Landinga på Prestegardslandet er førbeholdt konkurranse, opptrekk og show.

Velkommen til ei trygg og spektakulær veko! 💙
Er det noko du lurer på? Ikkje nøl med å ta kontakt med frivillige eller klubbens representantar.

Translate »