Tandemutdanning

Kva skal til for å bli tandempilot?

Dersom du er nysgjerrig på korleis du kan utvikle deg mot å bli tandempilot begynner reisa i nyaste revisjon av sikkerheitssystem og utdanningsprogram. Les deg opp på det som finst av krav og oppmodingar der. Det er viktig å ha full forståing for ansvaret det inneber å fly tandem. Du er alltid ansvarleg for å vere oppdatert på nyaste versjon av regelverket. 

https://nlf.no/grener/hps/sikkerhet–utdanning/sikkerhetssystemet/

Fagleg førebuing 

Les deg opp på alt som finst av materiell frå klubb og seksjon.

Om tandemutdanning: https://nlf.no/grener/hps/sikkerhet–utdanning/annet-laremateriell/om-tandem/

Tandemkompendium finn du her: https://nlf.no/grener/hps/sikkerhet–utdanning/annet-laremateriell/

Læreboka i paragliding

Etter å ha satt deg inn i det faglege har du ei formeining om du faktisk er klar for å begynne å trene på tandemflyging. Ein skal vere trygg på at ein har alle ferdigheiter til å ta vare på seg sjølv og passasjer med god margin før ein startar vidare trening. 

Trening 

To erfarne pilotar med kompetansebevis PP4 eller høgare og har hatt flygebevis i minimum to år kan trene tandem saman utan tandem kompetansebevis. 

Instruktøren rår dykk til å ikkje byrje å øve på tandemflyging før kurset, då det er vanleg å tileigne seg uvanar som ein må bruke tid på å avlære under sjølve kurset. Dersom de likevel ønskjer å øve, bør de avtale eit møte med instruktør først for ein rask gjennomgang av dei vanlegaste fellene de bør unngå.

Generelle tips 

Morten Knapstad og Nate Verve er erfarne tandeminstruktørar på tandemkurs i regi av klubben. Dei kan bidra med konkrete tips til trening.

  • Det anbefalast sterkt å få ein grundig briefing på utstyr og gjennomføring av flyturen frå ein tandeminstruktør når de begynner trening.
  • Ein god start på progresjonen er å gjennomføre dei første turane med ein tandeminstruktør eller erfaren tandempilot for konkret tilbakemelding. 
  • Legg ein grundig flyplan for alle fasar før takeoff, som også tek høgde for vêr og forhold. 
  • Ein tandemvinge flyg annleis enn ein solovinge og tålar. Vingearealet er større og vingebelastninga varierar med vekta til pilot og passasjer. Dette må takast med i planen og vurdering av forhold spesifikt for tandemflyging. 
  • Gjennomfør dobbeltkontroll på alt av utstyr
  • Set “point of no return” med god margin slik at du er sikker på at du rekk å stoppe. 
  • Få nokon til å filme takeoff og landing når du er klar for det. Då kan du analysere filmen og bryte det ned i fleire element og forbetringspunkt. 

Tandemkurs 

Etter gjennomførte treningsturar har du grunnlag for å vite om du vil fortsetje med tandemkurset for å få utstedt kompetansebevis tandemflygar. For å få kompetansebeviset krevjar det at du består kurset og er godkjent av fagleg leiar. 

Vi oppmodar alle til å ta kontakt med fagleg leiar før tandemkurs slik at du har ei formeining om du kan få nødvendig godkjenning. Send mail til sikkerhet@vosshpk.no

Det er mogleg å få positiv tilbakemelding av fagleg leiar ved sikkerhetsgruppa før kurs, og likevel ikkje få godkjent etter kurset. For å bli tandempilot er det heilt avhengig av god gjennomføring av kurset ved at ein møter alle krav og instruktøren vurderar deg som godkjent.

Det blir særleg lagt vekt på haldningar, risikovurdering og evne til sjølvrefleksjon her. 

Kursgjennomføring

Det er viktig å forstå at tandemlisensen ikkje er eit deltakarbevis, og at fem godkjende turar er eit minimumskrav for å kunne løyse ut tandemlisens.

Utdanningsprogrammet, kapittel 9.1.1 Luftvettskrav til tandemflygar, lyder:

«Det er flygarens ansvar å overtyde tandeminstruktøren om at flygaren er i stand til å ivareta si eiga, passasjeren si og andre si tryggleik under tandemflyging, innanfor dei retningslinjene som er gjevne. Tandemflyging inneber eit svært stort ansvar, og vurdering av luftvett skal difor leggjast stor vekt på.»

Luftvett omfattar haldninga dykkar til tryggleik, tryggleiksrutinar og måten de handterer vanskelege og stressande situasjonar på. I tillegg til påkravd kursmateriell skal de lære om korleis menneskelege faktorar påverkar risiko, og om etablerte system for risikoreduksjon.

Ferdigheiter

De må ikkje berre kunne fly paraglideren dykkar heilt plettfritt under varierande og tidvis stressande forhold, men også kunne gjere dette samstundes som de handterer passasjeren, den psykiske tilstanden deira og – av og til – uventa handlingar.

De må kunne bestå teoriprøvane, og dei er ikkje spesielt lette. Kunnskap i meteorologi og aerodynamikk er særleg viktig for trygg tandemflyging.

Flyging

Instruktøren kjem ikkje til å fly saman med dykk, verken som pilot eller passasjer, under kurset, men vil bistå dykk på start og i landing. Alle turar skal filmast, så skaff dykk selfiestong og kamerautstyr. Film også førebuingane på start, påkleding av passasjeren, startbriefing og øving på igangspringing. Det vert gjennomgang av filmane frå alle turane i etterkant. Dette er ofte meir lærerikt enn at instruktøren sit på, då ein kan spole tilbake og analysere alle fasar av flyginga i ettertid.

Teori

Alle som ønskjer å delta på kurset må ha lese alle faglege dokument før kursoppmøte. 

Kurset startar med teori og undervisning om praktisk flyging, skilnaden mellom tandem- og soloflyging, briefing og kommunikasjon med passasjeren. Deretter flyr de saman med kvarandre. Det vert vidare teori etter dagens flyging.

De vil forhåpentlegvis få høve til å følgje med medan instruktøren flyr passasjerar i regi av klubben. Oppmøte, papirarbeid, samtalar med passasjeren og det å svare på spørsmål er halve jobben med å fly tandem. Alle dykk kan handtere ein glidar – det er handteringa av passasjeren som faktisk blir hovudlæringa på kurset.

Instruktør på kurs 

Du kan trene med pilotar som har kompetansebevis tandeminstruktør på treningsturane dine for å få meir tilbakemelding og læring. 

Sjølve tandemkurset blir holdt i regi av klubben under organisering av fagleg leiar ved sikkerhetsgruppa. Då er det berre tandeminstruktør som er utnemnt av sikkerhetsgruppa som kan ha ansvar for tandemkurset. Dette er for å sikre at du får tilgang på god og riktig oppfølging i utdanninga. 

Etter bestått kurs

Ved utstedt kompetansebevis tandempilot har du alle rettigheiter det medfører. Då kan du fly tandem med passasjerar som ikkje har flygebevis frå før. 

Dersom du vil begynne å fly betalte turar i regi av klubben krevjar det meir trening. Lokal praksis i klubben er at ein trenar meir før ein kan vurderast for å fly betalte turar i regi av klubben. Minimumskravet er totalt 15 loggførte tandemturar. Du må sjølv kjenne på om du er motivert for å fly på denne måten. Det krevjar gode ferdigheiter å fly med passasjerar ein ikkje kjenner, og som heller ikkje har noko erfaring med sporten. Difor oppmodar vi alle tandempilotar til å fly meir, trene over tid slik at ein modnast i den nye kompetansen før ein går vidare. 

Dersom du kjenner deg klar og motivert for å begynne å fly betalte turar i regi av klubben kan du ta kontakt med sikkerheitsgruppa på nytt for denne vurderinga.

Det krevjar at ein handterar større ansvar, ilag med kontrakt, oppstartsbriefing av organiseringa og forventingsavklaring før ein tek fatt på denne delen av klubbaktiviteten. Deretter vil vi hjelpe deg med å få ei god oppfølging vidare i progresjonen. 

Risiko og holdningar

– Dr. Reasons Swiss Cheese model of Accident Prevention
https://en.wikipedia.org/wiki/Swiss_cheese_model

– 5 Hazardous Attitudes in Aviation
https://www.aeroclass.org/5-hazardous-attitudes/#Self_assessment_with_the_IM_SAFE_checklist

– IMSAFE checklist
https://www.aeroclass.org/imsafe-checklist/

Translate »