Førebuing
For at briefing og gjennomføring skal gå smidig, ber vi alle konkurransepilotar om å gjere nokre førebuingar dagen før konkurransen startar.
WhatsApp-gruppe:
Vi nyttar ei WhatsApp-gruppe til fellesmeldingar. Lenkje for å bli med vert sendt på e-post eller via anna kanal til påmelde pilotar. Bli med i gruppa her!PGBox – Sign in/out:
Elektronisk sign-in og sign-out skjer via PGBox.Opprett ein konto under menyvalet Account > New user, om du ikkje har ein frå før.
Gjer deg gjerne kjent med funksjonane under Help.
Får du ikkje e-post ved registrering, sjekk spamfilter eller kontakt Trond Kjeldsen på 951 42 886.
Har du gløymt «Access code»? Bruk Forgot Access Code for å få nytt.
Torsdag opnar boksen NC/Norwegian Cup i PGBox. Du må melde deg inn i denne innan kl. 23:00 fredag.
Får du det ikkje til? Vi hjelper deg ved registrering.
Flygebevis
Finn fram flybeviset ditt og ha det klart ved registrering.Betaling
Du kan betale startavgift ved betalingslenke.
NB: Ikkje betal før torsdag, når avgjerda om konkurransen vert gjennomført er teke.Utstyr
Sørg for at radio, instrument og mobil er full-lada.Safesky
Radiofrekvens: 154.175 MHz
Setting: TOT = 30 sek
Program og tider
Første briefing:
Laurdag 11. april kl. 09:00 på klubbhuset i Bømoen – Flyplassvegen 135
Registrering:
Fredag: 18:00–20:00 Vangsgata 45
Laurdag: 08:00–09:00 Klubbhus, Flyplassvegen 135
Tentativt dagsprogram:
Laurdag
kl. 0900: Briefing Vangsgata 45 eller Flyplassvegen 135
kl. 1000: Transport til start – skyss bil eller gondol.
kl. 1200: Oppgåva setjast
kl. 1230: Startvindauge opnar
kl. 1330: Starten går
kl. 1800: Oppgåven avsluttast
kl. 1930: Grill og sosialt på Bømoen
Søndag
kl. 0900: Briefing Vangsgata 45 eller Flyplassvegen 135
kl. 1000: Transport til start – skyss bil eller gondol.
kl. 1200: Oppgåva setjast
kl. 1230: Startvindauge opnar
kl. 1330: Starten går
kl. 1800: Oppgåva avsluttast
kl. 1830: Premieutdeling, takk for no og vel heim!
Flystader
Hangurstoppen Aust vert nytta som som hovudstart, med Hangurstoppen Sør som alternativ. Her er også relativt lett tilkomst frå Hangur Aust. Liaset blir nytta ved hensiktsmessige forhold.
Voss gondol er open
Opningstider tom. 12. april
- Måndag – torsdag: 09.00 – 16.30
- Fredag: 09.30 – 21.30
- Laurdag: 09:00 – 20.30
- Sundag: 09:00 – 16.30
Her kan me nytte fasilitetar på Hangurstoppen (wc).
20% rabatt på fylgjande heiskort for medlemmar med koden “VossHPK”. Det vil då førehandsmeldast til gondolen slik at deltakarar også kan nytte denne. Kjøp billett her.
- T/R Gondol
- 1 og 2-dagerskort
- 1 dag + kveld
- Kveldskort
- Superweekendkort (kveld fredag+ dag laurdag og søndag)
Fasilitetar
Klubbhus i Bømoen til disposisjon for tørking og pakking av utstyr. Kontorlokale i Vangsgata 45 vert nytta til registrering, briefing/samling undervegs. Vi stiller med klubbil og sjåfør.
Overnatting
Voss Fallskjermklubb tilbyr den rimelegaste overnattinga. Det mogleg å booke rom eller parkere bil og nytte seg av garderobefasilitetar og kjøkken. Under konkurransen gjeld medlemsprisar for alle deltakarar.
Meir om overnatting på Voss Fallskjermklubb sine sider
I tillegg får vi 10% rabatt på overnatting ved Voss Vandrarheim ved førehandsbooking direkte (ikkje gjennom online-portalar)