Vil du bidra til tryggleik, kvalitet og utvikling i Voss Hang- og Paragliderklubb?
Fagleg leiar er eit frivilleg verv på klubbnivå som inneber det overordna ansvaret for tryggleiks- og utdanningsarbeid. Ved å lyse ut vervet håpar vi skape meir engasjement i medlemsmassen, og forhåpentlegvis finne riktig person. Rolla som fagleg leiar er heilt sentral for å sikre at klubben vert drive i tråd med gjeldande regelverk, og at medlemane våre kan utøve sport i eit trygt og inspirerande miljø.
Om klubben
Voss Hang- og Paragliderklubb (Voss HPK) er ein av landets største klubbar i medlemstal og aktivitet. Vi har eit unikt luftsportsmiljø på Voss med gode fasilitetar og kjende flystader. Med lange tradisjonar innan friluftsliv og luftsport vil vi legge til rette for både breidde og topp. Klubben har eit inkluderande miljø, eit sterkt fokus på tryggleik og er ein naturleg møteplass for pilotar på alle nivå – frå ferske elevar til erfarne instruktørar og konkurranseflygarar.
Her er også mykje utviklingspotensiale når det kjem til progresjon, konkurransar og nye arrangement. Klubbens fagleg leiar vil samarbeide med dagleg leiar, tryggleiksgruppa, og styret. Sjølvsagt også innspel og inspirasjon frå klubbens instruktørar og medlemmar. I dag har vi også god dialog med fagsjef i seksjonen for rettleiing og samarbeid. Med andre ord, her er det mykje gode ressursar å hente ut for riktig person.
Ansvarsområde
Som fagleg leiar vil du ha ansvar for:
- Klubben sitt system for tryggleiks- og utdanningsarbeid
- At klubben opererer i tråd med tryggleikssystemet
- Kommunikasjon av faglege og tryggleiksrelaterte saker mellom NLF/HPS og klubben sine medlemmar
- Sikre informasjonsflyt mellom styret, sikkerheitsgruppa, administrasjon og instruktørar om relevante forhold
- Årleg tryggleiksmøte for klubben sine medlemmar
- Oppfølging og årleg godkjenning av klubben sine instruktørar og tandemflygarar
- Rekruttering og utdanning av nye instruktørkandidatar og hjelpeinstruktørar
- Deltaking på NLF/HPS-leiarseminar minst annakvart år
I tillegg skal fagleg leiar sørgje for at klubben har etablerte faglege funksjonar med klare ansvarsområde:
- Utdanningsansvarleg
- Tryggleiksansvarleg
- Regelverksansvarleg
- Miljøansvarleg
- Politiattestansvarleg
Fagleg leiar kan sjølv ha desse funksjonane, eller delegere dei til andre med naudsynt kompetanse. I dagleg drift har dagleg leiar oppfølging av miljø og politiattestar.
Kvalifikasjonar
- Solid erfaring frå klubbdrift eller tilsvarande organisasjonar
- God kjennskap til NLF/HPS-regelverk og tryggleiksarbeid
- Evne til å leie, motivere og samarbeide
- Strukturert og ansvarleg, med høg fagleg integritet
- Krav til grenerfaring og kompetansebevis instruktør i NLF/HPS
Vi tilbyr
- Ei nøkkelrolle i den vidare utviklinga av klubben
- Moglegheit til å påverke tryggleiks- og utdanningsarbeidet
- Eit engasjert og inkluderande miljø med dedikerte medlemmar
- Kompetanseutvikling og leiarerfaring
- Økonomisk godtgjersle vert fastsett i tråd med klubben sine vedtak.
Vil du vere med og sikre trygg og fagleg sterk klubbdrift?
Send søknaden som inneheld litt informasjon om deg, relevant erfaring og motivasjon for vervet til styret@vosshpk.no innan 3. januar 2026.
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Malene Hetle Hole på mail, eller sving innom kontoret i Vangsgata 45 for ein prat.