Voss Hang- og Paragliderklubb på utrygg grunn
Vi skriv denne uttalen med stor bekymring for framtida til Voss Hang- og Paragliderklubb, Bømoen som idrettsarena, og utviklinga av idrett på Voss. Klubben går inn i ein sommarsesong med stor uvissheit. Spesielt etter det som kjem fram i rådmannens framlegg til ny områdereguleringsplan for Bømoen. Det som vert foreslått i saksframlegget er svært inngripande, og får store konsekvensar for klubben vår. Vi ber difor om at de vektlegg høyringsinnspelet vi sendte i haust ilag med uttalen vi legg fram no. Voss Hang- og Paragliderklubb kan ikkje flytte klubbhuset slik det vert føreslått i saksframlegget til rådmannen.
Ein skal sjølvsagt sjå på behova i Bømoen samla, men ein kan ikkje gløyme å sjå på kva betyding planforslaget har for idrettane kvar for seg. Det fungera ikkje å tildele idretten eit totalt sett større areal, når det medfører ei direkte nedbygging av all aktivitet vår klubb driv med i dag. I høyringsinnspelet kjem det tydeleg fram kor mykje aktivitet klubben har basert på klubbhuset i løpet av eit år. Med to tilsette aukar aktivitetstilbodet og utviklingspotensialet som er knytt til klubbhuset. Om vi misser klubbhuset der det står i dag er konsekvensane større enn intern flytting av funksjonar. Det fører til fullstendig omstrukturering av klubben, og all utvikling av sporten på Voss vert stoppa. Ikkje minst misser medlemmane våre den einaste fysiske møteplassen vi har.
Først og fremst treng vi ei utfyllande forklaring på kva som ligg til grunn i vurderinga av at desse funksjonane kan flyttast internt. Idrettslaget står i så fall overfor ei stor utfordring med å ta kostnaden dette medfører. Dette er midlar og ressursar vi ikkje har.
Sjølv om det er fysisk mogleg å flytte funksjonar internt, er det ikkje nemnt noko om kor mykje ressursar det vil krevje. Å misse funksjonane som ligg i klubbhuset i dag vil ta oss fleire år tilbake i tid. Det vil ikkje minst gjere det svært vanskeleg for oss å i det heile tatt gjennomføre årets sesong som planlagt med kurs og aktivitetar. Vidare kjem utviklinga av sjølve idretten, som er det ein eigentleg vil ha fokus på. Det er mykje potensiale i klubben vår, i tillegg til potensiale med samarbeid og kompetanseutvikling på tvers av klubbane i Bømoen.
Kvifor kan vi ikkje flytte klubbhuset?
Nedanfor greia vi kort ut om nokre av hovudårsakane til kvifor vi ikkje kan flytte klubbhuset til Voss Hang- og Paragliderklubb.
Tryggleik i undervisning
På kvart grunnkurs nyttar vi minimum 3 timar teori per dag i snitt, grovt rekna. Det vert 27 timar på eitt kurs, og som regel er det meir enn dette. Med 9 grunnkurs i året vert det mange timar, og i tillegg kjem andre kurs. Teoriundervisninga er ein føresetnad for aktiviteten vår. Det gir ei nødvendig forståing for kva som påverkar oss, og korleis ein kan gjere gode risikovurderingar. Kvalitet på teoriundervisning er heilt avgjerande for tryggleiken i sporten. Utan eit eigna klubbhus er det ikkje forsvarleg å gjennomføre kurs. Rett nord for klubbhuset ligg skulebakken som vert nytta mykje gjennom heile året. Skulebakken gir viktig trening på vingekontroll og teknikk, som igjen direkte kopla til auka tryggleik i sporten. Kurs og utdanning er ein grunnpilar i klubben, så dette påverkar oss i svært stor grad.
Tryggleik i utstyrskontroll
Fallskjermklubben nyttar resterande bygningsmasse på Bømoen til sine aktivitetar. Då er einaste løysing å byggje eit nytt klubbhus innanfor idrettsføremålet, noko som er utfordrande. I dag er det godt samarbeid med fallskjermklubben om bruk av alle fasilitetar og parkering. Det inneber kjøkken, kafé, do og dusj, samt overnatting i bil, telt eller sovesal. Det er mange tilreisande til Voss kvart år som nyttar seg av desse tilboda under kurs. Å etablere klubbhuset ein annan plass enn ved fallskjermklubben vil difor vere meir arealkrevjande enn dagens situasjon, då vi ikkje lenger kan samarbeide om desse fasilitetane. Det vil krevje meir parkering, og ein større bygning enn den vi har i dag for å kunne tilby det same. Å finne ei god plassering av klubbhus innanfor idrettsføremål er krevjande med tanke på både tryggleik og natur.
Tryggleik på landing
Innanfor det føreslegne arealet til idrettsføremål ligg landinga til fallskjermhopparar, samt skog i nord-aust og skog i vest. Om vi skal flytte desse funksjonane vekk frå eksisterande bygningsmasse kor det ligg i dag, vil det gå ut over landingsarealet, eller føre til utbygging i skog.
Eit stort og ope landingsområde gir større tryggleiksmarginar for alle luftsportsutøvarar. Det påverkar vindforhold på landinga om ein set opp bygningar i utkanten av landingsområda. Det bidreg til å skape turbulens på visse vindforhold, som gir uføreseielege landingsforhold. Noko som igjen fører til auka risiko på landing. Det same landingsområdet nyttar paraglidarklubben for trening på bakkehandtering under kurs, og for opptrekk av paraglidar når det ikkje er hopping. Dermed minskar det tryggleiken i begge luftsportane om ein flyttar klubbhuset slik at det ikkje ligg samla med resten av bygningane. Dette er difor ikkje eit reelt alternativ for oss.
Utbygging i urørt natur
Som det kjem fram i saksframlegget, har det vore nødvendig å ta ei ny vurdering av foreslått utbygging i urørt natur innanfor planområdet. Men, med det same framlegget vert det føreslått at vi skal flytte funksjonar internt. Som det kjem fram ovanfor medfører dette å bygge eit nytt klubbhus. Av tryggleiksårsakar kan ein ikkje nytte landingsområde til bygningsmasse, og dermed vert det indirekte føreslått at ein kan bygge ut på det resterande arealet av urørt natur og skog. Her er det på ingen måte behov for å bygge klubbhus på areal som i dag er skog, når vi allereie har eit velfungerande klubbhus med ei mykje meir optimal plassering. Vi som klubb vil ikkje bidra til nedbygging av skog i Bømoen. Skogen på vestsida av idrettsføremål fungera allereie som teltskog og gir overnattingsmoglegheiter for tilreisande medlemmar. Dermed er ikkje dette eit alternativ heller.
Samarbeid
I Bømoen finst det allereie veletablerte samarbeid, og her er endå mykje utviklingspotensiale. Det er ingen alternativ som gir oss den same verdien som klubbhuset har der det ligg i dag. Både fallskjermklubben og paraglidarklubben har mykje aktivitet gjennom året, og det er ingen av klubbane som i utgangspunktet har plass eller lagring til overs. Men, vi har ei svært god løysing med samarbeid om fasilitetar i dag som bidreg til at vi sparar areal. På sikt vil denne nærleiken til klubbane legge til rette for delinga av kompetanse på tvers av greinene, som igjen vil bidra til auka ferdigheitsnivå og tryggleik i luftsporten på Voss. Men også nasjonalt, då klubbane er såpass drivande med det aktivitetsnivået vi har i dag.
Prioritera utvikling på allereie utbygde område
Det kjem fram i saksframlegget at det skal prioriterast utvikling på allereie utbygde område. Det einaste klubben vil er nettopp dette, vi vil prioritera utvikling av sportane lokalt, på tvers av miljøa og nasjonalt. Det har vi gode høve til å gjere med posisjonen til klubbhuset vi har i dag.
Historisk sett har Voss Hang- og Paragliderklubb vore ein viktig bidragsytar til miljøet i Norge når det kjem til utvikling av sportane og utdanning. Her har vore fleire store utøvarprestasjonar, og det er svært mykje kompetanse innan paragliding, speedriding og hanggliding i bygda. Dei siste åra har vi vore den klubben i Norge som held flest nybegynnarkurs. Vi jobbar heile tida mot å auke kvaliteten på kursa våre. I miljøet i Norge ser vi at det har ein effekt, og at klubben kan bidra til å hjelpe andre klubbar med utdanning. Det gir positive ringverknadar i miljøet. Vi er allereie ein del av ei viktig utvikling, som vi gjerne vil halde fram med. For at vi skal kunne drive med dette er det nødvendig å ha eit klubbhus. Det beste klubbhuset vi kan ha, er det vi allereie har.
Alt heng saman med alt
Det vert veldig tydeleg at om vi ikkje får nytte eit velfungerande klubbhus i sommar, misser vi mesteparten av inntektsgrunnlaget vårt. Med redusert aktivitet og inntekt er vi i ein situasjon kor det blir endå meir krevjande å finne eit alternativt klubbhus. I tillegg må vi nytte midlar på å finne ei alternativ løysing. Midlar som eigentleg skal gå til å skape aktivitet og tilbod til medlemmane våre. Det set klubben i ei svært negativ utvikling.
I tråd med at det skal prioriterast utvikling i allereie utbygde område skal det vere enklare å verne om eksisterande og velfungerande aktivitetstilbod enn å bygge nytt. Det må vere mogeleg for Voss Herad å prioritera tilrettelegging for, og samarbeid med lokal idrett. Slik at vi kan finne ei løysing kor vi gjer nødvendige tiltak for å gjere bygget godkjent slik det er i dag. Området klubbhuset står på er allereie regulert til idrettsanlegg i kommuneplanens arealdel.
I saksframlegget kjem det fram at rådmannen meiner at det er sikra at luftsportsaktiviteten på mykje av området kan halda fram.
«Næringsføremål er delt og har tilført meir areal til idrettsføremål og kombinert næringsføremål. Eksisterande situasjon vert vidareført tilnærma uendra.»
Vi treng at situasjonen vert vidareført uendra. Det inneber at vi får behalde arealet som klubbhuset står på i dag. Som figuren nedanfor syner, inneber det litt meir enn 2000 m2. Ikkje eit betydeleg areal i Bømoensaka, men heilt avgjerande for framtida til Voss Hang- og Paragliderklubb.
Samfunnsplanlegging skal ikkje føre til ei auke i totalt idrettsareal, når det medfører å fjerne det arealet som er absolutt viktigast for eit idrettslag aleine. Løysinga ligg i at vi får behalde dei det arealet vi treng til idrettsformål nordvest for fallskjermklubben. Voss Hang- og Paragliderklubb er ein viktig del av luftsporten på Voss. Først når klubbhuset er sikra, og vi går ei føreseieleg framtid i møte kan ein sei at luftsportsaktiviteten på Voss faktisk kan halda fram.
Voss Hang- og Paragliderklubb
V. Dagleg leiar Malene Hetle Hole og styret.