Voss HPK om den alvorlege utviklinga i Bømoen-saka

I går (15.12. 2025) føremiddag vart resultatet av forhandlingane mellom Voss Herad og Bømoen AS kjent. Den uttala hensikta med avtalen er å sikre beredskap, luftsport og kontinuerleg drift på Bømoen. Etter å ha gått gjennom saksdokumenta og vore tilhøyrar under heradsstyrets orientering er konklusjonen klar frå vår side.

Framtida til Voss Hang- og Paragliderklubb er no svært utrygg, og vi står i reell fare for å misse moglegheita til å ha eit klubbhus i Bømoen i framtida. Klubbhuset er base for all aktivitet gjennom året, og ein umiddelbar konsekvens av å ikkje ha eit klubbhus vil vere opphør i vår aktivitet på ubestemt tid. 

Vi ser på det som alvorleg at administrasjonen hevdar å handle med hensikt om å sikre luftsporten, men i realiteten går imot den vedtekne områdereguleringsplanen for å gjennomføre tiltak som gir negative konsekvensar for luftsport. Under orienteringsmøtet for heradsstyret (15.12.2025) var det fleire av dei folkevalde som stilte gode spørsmål og påpeika dette i salen. Det vart stilt spørsmål om kva luftsporten og klubbane meinar om framlegget. Sidan saksdokumenta kom i går har klubben jobba med å førebu ei utgreiing om situasjonen vi no står i. Den vart sendt til dei folkevalde tysdag (16.12.2025) ettermiddag. 

Vi i Voss HPK og Voss Fallskjermklubb har eit godt samarbeid om fasilitetar og ressursar gjennom året. Slik har vi drive og utvikla luftsport på Voss og i Norge. Vi veit at dette brakkebygget fungera veldig godt som eit klubbhus for luftsport i dag. Det har blitt til ved gode intensjonar om å drive idrett på eit areal som er fastsett regulert til idrett. Heradet har ei tydeleg dokumentert hensikt om at luftsporten skal ha ei trygg framtid på Voss med rom for utvikling. På bakgrunn av dette må vi ha moglegheit til å vere ein del av festeområdet, søke om godkjenning av bygget og få ei reell vurdering av saka. 

Luftsporten er ikkje sikra for framtida når det går tapt areal som er ytterst nødvendig for eit idrettslag aleine. Det vert også tydelig at Voss HPK ikkje er anerkjent som ein lokal klubb for luftsport av Voss Herad, trass i at vi har vore eit organisert idrettslag på Voss i snart 50 år. I 2026 fyller klubben 50 år og vi ønsker å vere ein viktig bidragsyter for utvikling av luftsport lokalt og nasjonalt i dei neste 50 åra framover. Om utkastet til minneleg avtale blir vedteke må vi førebu oss på store strukturelle endringar på kort tid. Om me må bruke ressursar på å flytte og rive klubbhus endrar det strategi, budsjett og økonomiske føresetnadar for oss i lang tid framover. 

Konsekvensane av å misse moglegheita til å ha eit klubbhus i Bømoen er sjølvsagt mange. Vi kan ikkje planlegge for å gjennomføre kurs, samlingar eller møter for medlemmar i 2026 før vi har på plass løysing for eit klubbhus. Kurs er vår primærinntekt, og det er slik vi rekruttera medlemmer og held sporten trygg. Voss HPK er den klubben som gjennomfører flest grunnkurs i landet. Utan grunnkurstilbod er det av erfaring ein reell fare for at fleire oppsøker sportane utan tilstrekkeleg opplæring. Det er eit stort steg tilbake for tryggleik og kvalitet i våre greiner på eit nasjonalt nivå.

Kva skal til?

Dersom Voss Herad vil sikre luftsport på Voss må det sikrast at vi har eit klubbhus og ein samarbeidsarena med rom for utvikling på Bømoen som står trygt på lang sikt.

Når framlegget går imot Heradets eigne uttalte hensikter og den vedtekne områdereguleringsplan er det naturleg at det kjennes utrygt, og tilliten til vedtak og planar blir svekt. Dette understrekar tydeleg at det trengs forsvarleg styring og heilskapleg arealplanlegging som er forankra i den gjennomarbeida og vedtekne områdereguleringsplanen.

Når forhandlingsprosessen fører til ei svekking av luftsport på Voss er det heilt klart at Voss herad ikkje har evna å oppfylle sin uttalte hensikt, og vår oppfatning er at oreigningsprosessen må starte for å sikre framtida i Bømoen.  

Nøkkelpunkt

  • Forhandlingsresultatet mellom Voss herad og Bømoen AS skapar stor utryggleik for framtida til Voss Hang- og Paragliderklubb (Voss HPK).

  • Klubben står i reell fare for å misse klubbhuset på Bømoen, som er heilt avgjerande for all aktivitet gjennom året.

  • Utan klubbhus vil aktiviteten i praksis måtte opphøyre på ubestemt tid.

  • Administrasjonen seier avtalen skal sikre luftsport, men tiltaka går i realiteten imot vedteken områdereguleringsplan og får negative konsekvensar for luftsporten.

  • Voss HPK og Voss Fallskjermklubb har eit langvarig og godt samarbeid om fasilitetar, som har vore sentralt for utvikling av luftsport på Voss og nasjonalt.

  • Klubben meiner luftsporten ikkje er sikra når nødvendig areal forsvinn, og opplever at Voss HPK ikkje blir anerkjent som lokal luftsportklubb, trass snart 50 år med aktivitet.

  • Eit vedtak av avtalen vil krevje store strukturelle endringar, med store konsekvensar for strategi, budsjett og økonomi.

  • Manglande klubbhus gjer det umogleg å planleggje kurs, som er klubbens viktigaste inntekts- og rekrutteringsgrunnlag.

  • Redusert kurstilbod kan føre til dårlegare tryggleik og kvalitet i luftsport nasjonalt.

  • For å sikre luftsport på Voss må heradet sikre eit langsiktig, trygt klubbhus og utviklingsarena på Bømoen.

Styret ved Malene Hetle Hole, dagleg leiar

Voss Hang- og Paragliderklubb

Translate »