Status
Vegen er open etter vinteren. Her er automatisk bomstasjon, så hugs å gå inn og betal bomavgift for å sleppe ekstra kostnadar.
Dyr på beite – hugs å lat att grinder.
Erfaringsnivå
Starten er eigna for PG-pilotar. Ved litt startvind er det fint for PP2 og oppover. Landinga krevjar meir presisjon, så PP2 bør ta ei ekstra vurdering her. Gode landingsferdigheiter, kontroll på presisjon og mentalt overskudd på landing er ein fordel.
Start
Liaset er ein vestvendt start på austsida av Lønavatnet. Ny start opparbeidd i 2012. Gamlestarten er 250 m lenger inne ved stølane, der kan du topplande.
Ofte rolege vindtilhøve og fint løft her, sjølv om det bles godt på Vangsvatnet. Ypparleg for termisk kveldsheng og topplanding. Også mogleg å finne hang på kant under start om du ikkje kjem opp.
Landing
Det er gitt permanent tillatelse frå grunneigar til å landa nedanfor Nesheimstunet. Det er eit beiteområde på ca 60x200m, flat mark. Det er tuer, myr og ein bekk som går gjennom området. Delar av området er til tider ganske vått. Det går ei straumlinjer langs landingsområde, og to gjerder avgrensar landinga. Det er merka raudt i biletet nedanfor.
Grunneigar minner om at grindene skal nyttast når ein går frå landingsområdet mot vegen og ikkje tråkka over gjerdene. Det er ynskjeleg at ein pakkar skjerm utanfor beitområdet. Vis hensyn til dyr som beiter på området og land primært der det er kortast gras. Av hensyn til fuglereservatet som ligg ved Lønaøyene, ber me pilotar å fly siste del av innflyginga på nordsida (vekk frå vatnet).
Parkering skjer ved sida av vegen ved Nesheimstunet, ver venleg om ikkje fyll opp parkeringa med omsyn til gjester. Sjå vedlagte kart og bilete for detaljar.




