No nærmar det seg virkelig, og vi gler oss masse til å treffe alle sammen. Hovudhensikta vår er å skape ein møteplass kor vi kan bli betre kjent, ha det artig samtidig som det er ein trygg arena for læring. Samlinga går som planlagt uansett vêr, så det treng dykk ikkje å bekymre dykk for. Då har vi nokre kjekke aktivitetar planlagt.
Bruk gjerne whats-appgruppa for å planlegge samkøyring til Voss denne helga. Det er kjekt, miljøvennleg og økonomisk.
Kommunikasjon – bli med i whatsapp-gruppa
Aktivitet og behov – svar på spørreskjema
Greiner og ansvar
Dei ulike aktivitetane kjem til å bli inndelt i grupper kvar dag, kor vi har ein som er hovudansvarleg for å organisere deg i din aktivitet. I tillegg har vi med oss fleire erfarne utøvarar i dei ulike greinene.
Fallskjerm – Stine
Vindtunell – Elisabeth
Utsjekk PP2/SPG2 – Malene
Hike and fly – Renate
Fellesskap – Miriam og Siv Edle
Kvar?
Basen blir på Haugo utleige. Her er det overnatting og rom for til alle. Fellesmåltid, vêrbrief, yoga og sosialt blir her kvar dag. Transporten tek også utganspunkt i Haugo. Her er det parkering på tunet, men spør gjerne dei som bur der om du er i tvil.
- Handkle og sengetøy er inkludert
- Vi legg opp til noko felles mat. Det blir kjøpt inn til lett frukost/lunsj i huset samt to fellesmiddagar.
I Bømoen nyttar vi fallskjermklubben og klubbhuset til Voss HPK med alle fasilitetane på anlegget.
Voss gondol er open kvar dag. Det kjem vi til å nytte oss av så lenge det er forhold for flyging. I tillegg nyttar vi oss av resten av flystadene i området når det er hensiktsmessig.
Transport
Klubbil 9 seter er disponibel kvar dag. Den blir i hovudsak nytta til aktivitet for PG/SPG.
Samkøyring er elles nøkkelen under arrangementet. I tillegg har vi moglegheit til å sette opp ekstra biltransport om nødvendig. Nokre av deltakarane bur på Voss, og nyttar nok eigen bil/sykkel/føtter. Så det kjem til å løyse seg bra ved å bruke chatten eller snakke saman dagen før aktivitet.
Kjekt å ha
I tillegg til det vanlege du treng for å drive in aktivitet kan du gjerne ta med yogamatte, turkle, gode sko og badekle.
Tentativt program - vêravhengig
Du vel heilt sjølv kor mykje eller lite aktivitet du har lyst til å delta på gjennom helga. Du har moglegheita til å gjere noko nytt kvar dag. Vi legg opp til at du kan få prøve å groundhandle speedvinge eller paraglider om du ikkje har prøvd det. Kanskje nokon vil fly ein tandem paraglidertur med Renate? Vi kjem også til å fylle på med fagleg innhald der det passar.
Fotstartkurs for SPG2 kjem til å bli gjennomført i løpet av helga. Dette passar for SPG2 og PP2 og henge seg med på. Det er litt teori om teknikk, vêr og terreng. I tillegg er det trening i skulebakke og groundhandling på agendaen. Altså, noko som er relevant for alle uansett nivå. Men spesielt for deg som er litt rusten eller fersk.
Elles har vi mykje natur, så om ein treng ein pause ein dag legg vi opp til ein tur på fjellet eller i skogen for litt ro og fred.
