Årsmøte

Styret innkallar hermed til årsmøte i Voss Hang- og Paragliderklubb.

Årsmøtet vert halde 27.02.2025 kl. 18.00 i Voss fallskjermklubb sine lokale. Adressa er flyplassvegen 135, 5705 Voss.

Saker som eit medlem ynskjer å få behandla på årsmøtet må sendast til styret innan 13.februar 2025 til postboks 482, 5702 Voss. Eller på e-post til styret@vosshpk.no. Det ønskes at vedlagte mal nyttast, sjå vedlegg 1 – Mal for innspel til årsmøte Voss HPK.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlem seinast ei veke før årsmøtet på e-post og på klubbens webside.

For å ha stemmerett og kunne veljast til verv må ein ha vore medlem av Voss Hang- og Paragliderklubb i minst ein månad, fylle minst 15 år i kalenderåret årsmøtet vert heldt, og ha gjort opp sine økonomiske forpliktingar til Voss Hang- og Paragliderklubb.

Alle medlemmar har møterett, talerett og forslagsrett. Stemmerett kun ved fysisk oppmøte, men vi legg til rette for å kunne følgje møtet digitalt om ein ikkje har moglegheit til å møte fysisk. For meir informasjon om årsmøte, samt reglar om stemmerett, valbarheit, forslagsrett mv., sjå Voss- Hang- og Paragliderklubb si lov: https://vosshpk.no/wp-content/uploads/2024/10/LOV-VOSS-HPK.pdf

Ved spørsmål som gjeld årsmøtet, kan dagleg leiar Malene Hetle Hole kontaktast på mail: malene@vosshpk.no eller på telefon: 90508620.

Velkommen til årsmøte!

Med venleg helsing

Styret