Sidan sist
Året er på hell, og det er på høg tid med ei oppdatering frå klubben. Utover hausten har det vore svært roleg på kontoret på grunn av ferieavvikling og reisekontor for dagleg leiar. Takk for tolmoda de som har måtte vente litt ekstra på svar i haust. Men, sjølv om det har vore stille har det likevel skjedd ein del sidan sist. No er eg er tilbake i full sving på kontoret på Vangen med planlegging av 2026. Eg gler meg veldig til å ta fatt på vintersesongen og eit nytt flygeår på Voss med dykk!
Sommarsesongen bestod av mykje aktivitetar, kurs og arrangement. Det var blant anna fem grunnkurs paragliding, progresjonshelg, fotstartkurs for SPG, Ekstremsportveko og ein del tandemflyging. På vårsida hadde vi jentesamling, og Voss Open vart gjennomført i palmehelga. Ein del av desse arrangementa er allereie kome i kalenderen for 2026. Utpå hausten vart det gjennomført instruktørkurs på Voss kor vi fekk utdanna fire nye instruktørar. I helga som var hadde styret strategisamling for å setje retninga for det nye året.
Aktuelt
Klubben søker aktivt etter fagleg leiar – les meir her
Sidan januar har Malene vore fagleg leiar som ei mellombels løysing. Med god støtte frå sikkerheitsgruppa har det fungert, men vi treng ein fagleg leiar som kan drive utviklinga av utdanning og tryggleik i samarbeid med dagleg leiar, sikkerheitsgruppa og styret. Kanskje er det deg? Ta gjerne kontakt med Malene om du har spørsmål
Klubbkalender 2026
Gjennom året oppdaterar eg kalenderen jamnleg, og du finn oversikt over all aktivitet i kalenderen på heimesida. Her dukkar det opp kurs, arrangement, medlemskveldar, møtedatoar og andre arrangement relatert til flyging som kan vere kjekke å få med seg. Her er det også ope for innspel og ønsker, og ta gjerne kontakt om du har ein idé til ein aktivitet du har lyst til å få i gang. Ta kontakt no, når det endå er plass i kalenderen og god tid til planlegging.
Ekstremsportveko 2026
Vi vil ha med motiverte folk i under Veko, og er særleg på jakt etter tryggleiksansvarleg for paragliding. I denne rolla jobbar du i team med greinansvarleg og dagleg leiar. I tillegg får du mykje støtte og inspirasjon som ein del av Veko-apparatet! Workshop 1 er i slutten av januar, så vi begynner tidleg med planlegging og inkludering i gjengen. Det er sjølvsagt meir innsats enn å berre vere utøvar, men det er eit veldig kjekt fellesskap kor ein får mykje utfordring og mestring ilag. Kanskje du kunne tenke deg å ha ansvar for berre ein aktivitet eller konkurranse under veko? Vi vil gjerne ha deg også med. Paragliding er den nest største sporten på Veko etter fallskjerm – så her bidreg du direkte til festivalen, miljøet og sporten.
Kor er flygechatten?
Bli med i chatten og legg til flygevenner på Voss! Gruppa er meint for å skape aktivitet og inkludere alle pilotar som er på Voss. Legg ut om flyging, forhold og gjerne sosialt i forbindelse med flyging. Detaljert logistikk og andre ting kan vi spare fellesgruppa for.
Den tidlegare chatten forsvann frå messenger pga. endringar hos meta. I den anledning tek vi i bruk ei eksisterande Whatsapp-gruppe. Her har vi litt fleire moglegheiter enn på messenger, og gruppa er knytta til eit Voss HPK-fellesskap kor du kan bli med i fleire grupper for arrangement og aktivitet gjennom året. Det som også er bra med Whatsapp er at det er knytt mot eit mobilnummer, som er positivt for oss som er ute i fjellet med varierande dekning.
Sjekk det ut
Kurs 2026
Det er stor pågang for å lære å fly, og speedriding grunnkurs vart fylt opp i byrjinga av oktober. Nyleg vart paragliding grunnkurs lagt ut også, så her gjeld det også å rekruttere venner du vil ha med i lufta. Les meir om grunnkursa her.
Ekstremsportveko tilbod
Nett no er det “Super Early Bird»-tilbod kor du kan kjøpe festivalpass til 1990 kr. Viss du ikkje skal vere med å arrangere eller vere frivilleg sjølvsagt. Samtidig er det julesal på årets Vekomerch i Vangsgata 45 til helga. Då er det ope 10-17 fredag-søndag.
Vintersesongen er i gang
Myrkdalen opna forrige laurdag, og Voss Resort har satt opning 5. desember. Det er berre å finne fram ski og kle for vinterflyging. Kanskje blir det flyforhold frå Hangurstoppen til helga? For dei som vil starte speedridingsesongen i Myrkdalen er det berre å følge med på føremeldinga til Myrkdalen og når Kari-Traa trekket opnar. Det skal også bli rapportert på klubbens sosiale media så snart det er snødekke og flyforhold, så sjåast vi i bakken.
Oppdaterte medlemsfordelar finn du også på heimesida. Her er det blant anna medlemspris på skikort og litt anna kjekt. I den anledning kan vi minne om å ha gyldig medlemskap klart for framvisning ved kjøp.
Vil du bli instruktør?
Vi treng alltid å rekruttere instruktørspirer i klubben, og særleg aktive instruktørar lokalt på Voss gjennom heile året. Progresjonen mot instruktør begynner som hjelpar, og det kan ein bli med PP2 og SPG3. Du kan lese meir om progresjon, rolla og kva det går i på kurs her.
Seksjon og forbund
Følg med på seksjonen sine sider for nyhende på seksjonsnivå og all informasjon om kompetansebevis, faktura og forsikringa. Her kan ein også følge oppdateringar frå arbeidet med luftrom som mange er opptekne av. I tillegg ligg det interessantl lesestoff frå sesongens konkurransar.
Dersom du saknar informasjon om noko vil eg gjerne høyre frå deg. Det er samla mykje forskjellig på heimesida, så sjekk gjerne litt rundt og gjer deg kjent om det er lenge sidan sist. Vi ønsker at heimesida skal fungere slik at du kan finne ut av alt du lurer på, så ta kontakt om det er noko som manglar.
Ta kontakt på mail; malene@vosshpk.no om du lurer på noko eller har innspel!
Riktig god jul og godt nyttår når den tid kjem
Helsing frå Malene