Status
Hugs å betal vegavgift for kvar tur, skilt står ved grinda. Shuttling med klubbil blir betalt av klubben, men private bilar må betale kvar tur.
Landing er open heile sommaren dersom ikkje anna er informert om her og i flygechatten.
Erfaringsnivå
Starten er godt eigna for paragliderpilotar, og blir mykje brukt til elevar under kurs. Dette er ikkje ein eigna start for speedglidarar.
Start
Gjelle ca. 400 moh er nordvendt og ligg under Gråsida tvers over vatnet frå Hanguren. Du ser starten frå Minigolfen litt til høgre for rett sør. Blir ein del nytta til hengflyging om sommaren, kurs og skliturar. Starten er ein stor og fin grasbakke som klubben har fått hogd ut og planert, og no leiger. Les åtvaringsskiltet for høgspenten på landinga. Flystaden er nordvendt, men kan gje fin termikk med tilgang til fjella på Gråsida på gode dagar.
Solgangsbrisen blir problematisk om sommaren.
Landing
Landinga Lotatreet er heilt nede ved vatnet på grasmark , mot elva. Her er det lov å lande i veksande gras for klubben betalar for landinga, men vis omsyn og ta skjermen ut av graset til pakking.
Du må krysse ein høgspent ved landingsjordet. Landinga kan være turbulent ved nordavind. Elevar bør bruke flytevest. Ikkje bilkøyring på traktorvegen over landingsjordet. Parker i det romslege krysset.




