Horgaletten ca. 900 moh søraustvendt start ligg på ryggen som strekkjer seg opp frå Bavallen mot Lønahorgi. Her går det bomveg frå skianlegget i Bavallen og ein traktorveg til start. Området er ganske slett og lyngkledt, og du kan starte mange stader, men på grunn av den litt vanskelege tilkomsten blir ikkje Horgaletten benytta så mykje.
Vinter
Området er i seinare tid mykje brukt om vinteren for speedriding. Då er det tilkomst med skitrekk. .
Vêr obs på korleis landingane er ved lite snø, og vurder ut frå dette før du reiser opp. Landing for speedrider er på nedsida av familieløypa der den og utforløypa møtes så lenge den er stengt. Når den er åpen går det an å landa på sida av løypa litt lenger oppe, men denne landinga er kupert og meir krevjande.
Sjå Voss resort sine sider for høgoppløyst kart. Her kan du sjå at startar og landingar er merka på kartet.




