Sommarsesongen er i gang
Voss gondol
I år er gondolen open kvar dag frå 9.mai til 15. oktober. Det er vi veldig glade for, og har eit godt samarbeid med gondolen når det kjem til tilrettelegging for aktivitet under Veko.
Sommarkort gondol kostar i år 1480 kr
20 % rabatt på sommarkort gondol til instruktørar, tandempilotar og kursdeltakarar. Du får rabatt ved deltakarlister. Instruktørar og tandempilotar framviser medlemskort og kompetansebevis i luka.
Medlemsfordelar vert oppdatert fortløpande: https://vosshpk.no/om-klubben/bli-medlem/
Vekstsesong
I år er vekstsesongen kome langt tidlegare enn vanleg. Vi tek difor ekstra omsyn på nokre av flystadene våre framover. Det er uheldig å lande på jorder rett før graset skal bli slått. Når graset begynner å bli høgt ventar vi til det er slått ned.
Det gjeld spesielt på etablerte flystader, men vi oppfordrar alle til å følgje med etterkvart som graset veks og det nærmar seg slått, og vis omsyn til dette kor enn ein ferdast.
Er ein i tvil bør ein alltid førhøyre seg med grunneigar på førehand.
Landing Aurland: Stengt til etter første slått – melding blir lagt ut når ope.
Skulebakke Bømoen: Ope, men ta hensyn rett før slått.
Ta omsyn til beitedyr, og lat att grindar der ein ferdast. Ingen parkering i gardstuna.
Køyring på stølsvegar
Hjelp kvarandre å hugse på både landings- og bomavgifter. Det er fint at vi i klubben kan vere gode represantantar på Voss, og køyrer forsvarleg.
Klubbilen er førehandsbetalt til Gjelle, privatbilar må betale bomavgift.
Liaset
Her kom det automatisk bomstasjon i fjor, så hugs å gå inn og betal slik at ein slepp ekstra kostnadar med faktura.
Landing er framleis det som ligg her som gjeld: https://vosshpk.no/flystad/liaset/
Vi har ingen avtalar andre stader endå, men vil få lagt ut ei oversikt dersom det kjem på plass. Det vil sei at dersom andre landingar vert nytta er det gjort avtalar for den aktuelle dagen.
Aurland
Landinga i Aurland er stengt fram til etter førsteslåtten, som forhåpentlegvis blir tatt før 17.mai. Melding kjem når det er ope.
Klubbil
Vi har fått ny klubbil som skal få skape mykje aktivitet i sommar. Då treng vi at alle hjelper kvarandre å halde den i god stand, og vippsar for kvar tur slik at vi får godt vedlikehald av den i mange år.
Her finn de retningslinjer for bruk og prislistene: https://vosshpk.no/om-klubben/fasilitetar-og-skulebakke/