Voss HPK i samarbeid med Skyvoss har nok ein gong gleda av å annonsere vinnarane av den prestisjefulle konkurransen. Også i fjor var det mange svært ivrige pilotar, både med små og store venger. Sjølv om det viktigaste er å ha det kjekt, må vi sjølvsagt belønne desse prestasjonane.
Vinnarar av loggekonkurransen 2023 PG
3. På ein sterk 3. plass har vi Erlend Ukvitne! Med sine 230 turar flyr han elegant inn til ei Skyvoss drikkeflaske. Det applauserast, og vi håpar du held fram med den same trenden i år.
2. Vinnaren frå 2022 må i år ta til takke med ein 2. plass. Sjølv om vedkommande ikkje nådde toppen, er det logga vanvittige 667 turar i 2023! Det er berre å gratulere Tord Kylling med ei Skyvoss termosflaske.
1. Så til augneblinken alle har venta på. Vinnaren av loggekonkurransen 2023 kan kose seg med ei gåvekort på heile kr 2000. Med sine 706 turar(!) er dette velfortent. Vi tek av oss hatten og bøyer oss i støvet for Anton Chruickshank, gratulerer så mykje!
Vinnarar av loggekonkurransen 2023 SPG
3. Vi startar nok ein gong nedst på pallen, med årets 3. sterke prestasjon. 323 turar resulterte i ei Skyvoss drikkeflaske. Gratulerer så mykje til Kevin Kvande Mauseth!
2. plass har logga heile 377 turar, og har dermed gjort seg velfortent til ei Skyvoss termosflaske. Vi håper denne kjem godt med på kalde dagar. Gi ein varm applaus til Jens Drageset Dydland. Du er rå!
1. Vinnaren av loggekonkurransen 2023 har verkeleg vore på ballen. Vedkommande ville ikkje nøye seg med ulike tal, og logga 444(!) turar i fjor. Vi gratulerer Christoffer Lunde med ei gåvekort på kr 2000! Det er ein solid prestasjon.
Atter ein gong imponerer de, og gjengen på Skyvoss kjem til å bli starstruck når de kjem innom butikken for å hente ut gåvekorta! Adressa er Flyplassvegen 111, 5705 Voss.
Opningstidene deira finn de på Skyvoss.no. Dei er også tilgjengelege på e-post: post@skyvoss.no.
Store gratulasjonar!