Innhald

Kursoversikt

Voss Hang- og Paraglidarklubb er Noregs største klubb med rundt 800 medlemmar. Vi har erfarne instruktørar som tek godt vare på kurselevane. Voss er ein svært godt eigna plass for opplæring i paragliding og speedriding året rundt. Sidan starten i 1976 har klubben heile tida utvikla eit kjekt og aktivt miljø. Området rundt oss har gode og lett tilgjengelege startar på alle vindretningar. 

Vi har grunnkurs i paragliding og speedriding, som er nybegynnarkurs som går over 9 dagar. I tillegg har vi kurs som ein treng for å komme vidare i progresjonen. 

Påmelding 2026 

Påmeldinga for grunnkurs speedriding vinteren 2026 er open, og vi gler oss masse! 

Påmelding og venteliste

Vi har erfaring med at kursa blir fylt opp kvart år. Dersom du er motivert for å lære å fly i 2026 er det anbefalt at du melder deg rett på kurs med ledig plass og betalar depositum. Berre då er du garantert kurs. Det er sjølvsagt usikkert om ein melder seg på venteliste til fulle kurs.

Grunnkurs Paragliding

Datoar for grunnkurs paragliding vert publisert i løpet av hausten. Medan du ventar kan du setje deg på varslingslista nedanfor. Då får du beskjed så snart påmeldinga er klar. 

Ikkje gå glipp av progresjonshelg

Vi anbefala sterkt at alle som er påmeldt grunnkurs set av datoen for progresjonshelg. Det er ein god arena for å fly og lære meir etter kurset. 

Pris og betaling

Pris på grunnkurs er 15000 kr, kor 5000 kr vert betalt som påmeldingsavgift. Resten må vere innbetalt seinast ei veke før kursstart.

Prisen inkluderar

  • Lån av utstyr under kurset: skjerm, seletøy, og hjelm om det trengs.
  • Transport til flyging med klubbil (9-seter)
  • Oppfølging etter kurset (progresjonshelg)

 

Du treng lærebok i paragliding for teoriundervisninga. Det beste er at ein bestiller den på førehand, så ein kan begynne å setje seg inn i materialet. Den kan også kjøpast av klubben når du kjem på kurs. 

I tillegg til dette kjem forbundskontigent, medlemsavgift, forsikring (lisens), og heispass for dagane vi er i skianlegg. 

Påmelding

Evaluering

Evalueringskjema skal fylles ut av elevene etter kurset. 

Evalueringskjema for elever etter kurs (norsk) 

Evalueringskjema for elever etter kurs (engelsk) 

Translate »