Haust på Voss

Sommarsesongen er på hell, men det er lov å håpe på ein god del meir flyging utover hausten. Her er samla litt informasjon som er nyttig å ta med seg. 

Helikopteraktivitet Voss

Det har kome tilbakemelding om situasjonar i sommar kor det har vore problematisk med luftrom for luftambulanse og redningshelikopter på oppdrag. Det tek vi på høgste alvor. I desse situasjonane teller kvart minutt, og det står ofte om liv.

Då skal andre pilotar vike uansett. Det betyr at vi må flytte oss straks ein ser luftambulanse eller redningshelikopter. Då skal vi fly langt vekk, eller lande. Slik er det heilt tydeleg at ein unngår konflikt. 

Det gjeld luftrommet kring Hangurstoppen. Landingar som vert nytta av helikopter er ved sjukehuset, hovudlanding Fleischer og BømoenOppfordrar alle til å laste ned og ta i bruk Safesky

Hendelsesrapportering

 Sommaren er høgtid for flyging, og dermed også hendingar. Det er viktig å rapportere næruhell, uhell og ulykker. På denne måten lærer ein mest mogleg av erfaringane ein har gjort seg. Ikkje minst vert det meir tydeleg om det er nokre type hendingar ein kan fokusere på å førebygge betre som eit miljø. Seksjonen har oppsummert litt om logging og hendingar så langt i år i eit eige innlegg

Voss Gondol

Medlemsfordelane har blitt oppdatert sidan sist, sjekk det ut før du kjøper deg nytt kort for sesongen. Vi får no 10% rabatt på heilårskort. Oppdaterte opningstider finn du her.

2. september til 13. oktober

  • Måndag til onsdag: Ope for førehandsbestilling for grupper.
  • Torsdag: 10:00-17:30
  • Fredag: 10:00-21:30
  • Laurdag: 10:00-17:30
  • Søndag: 10:00-17:30

14. oktober til sesongstart vinter: Ope for førehandsbestilling for grupper.

Samkøyring

Det er fullt mogleg å nytte seg av dei andre flystadane på Voss utover hausten. Då er det berre å ta initativ til bruk av klubbil. Dersom ein skal køyre til Hangurstoppen er det berre utanom opningstider, som klubbaktivitet. Då har vi høve til å opne bommen. 

Det er nokre tandembookingar utover hausten, og i forbindelse med det er det mogleg å nytte klubbilen til samkøyring. Då vert det lagt ut i gruppene for flyging på facebook og messenger. 

Kurs

Planlegging av komande kurs og arrangement er i gang. Det vert grunnkurs, progresjonskurs, konkurransar og sosialesamlingar. Ta gjerne kontakt på mail dersom du har innspel til kjekke aktivitetar.

Treng du framleis å få fullført progresjon etter sommaren? Følg med på vêrmeldinga og ta kontakt med instruktøren din slik at du får fullført mest mogleg før vinteren.