I helga er det Voss cup, som betyr at det vert full aktivitet på hovudlandinga ved kulturhuset og landing på Prestegardslandet. Vi kan ikkje nytte desse landingane ved gitte tidspunkt:
Kampane begynner kl. 17.00 på fredag 14.juni.
Laurdag: 08.00 – 21.00
Sundag: 08.00 – 15.00
Alternative landingar er på Ringheim og ved jordbruksskulen. Om du er trygg på forholda og har god nok margin kan ein lande på stranda i Prestegardsmoen. Men, om det er fint vêr, vil det naturlegvis vere folksomt her også i helga. Så dette alternativet er krevjande.
Gode alternativ er på Ringheim, kor graset var slått på fredag 14.juni. Anna alternativ er ved jordbruksskulen, her er det kort gras, og det heng vimpel i flaggstanga på skulen. Sjå oppmerkt landingsområde på bilete nedanfor.
Det går også ekstra shuttlebuss for fotballspelarane, så i fjor var det veldig greitt å få skyss tilbake til Vangen med dei.