Året går mot slutten, og vintersesongen står for dør. Her er det samla litt aktuell informasjon om året som har gått og tida framover. I tillegg kjem lenke til medlemsundersøking nedanfor. Vi set veldig pris på om de set av litt tid og svarar på spørsmåla, så vi kan ta med innspel frå dykk inn i ein ny sesong.
Aktuelt
Sikkerheitsseminar i regi av NLF vert holdt 6.desember kl.18.00, hugs påmelding her.
Medlemsfordelane er oppdatert på heimesida. Her er rabatt på årskort i Voss Resort og sesongkort i Myrkdalen og dagspass begge passar. I tillegg til nokre nye fordelar hos Skandinaviske Høgfjellsutstyr og Wild sauna Voss.
Treng du hjelp til fornying av kompetansebevis? Her er lenke til rettleiing og oversikt over lenker til søknadar om fornying og utstedelse av alle kompetansenivå. Vil du endre medlemsskapa dine kan du gjere det sjølv, meir info om det finn du her.
Påmelding grunnkurs 2025 er open, så hugs å sei ifrå til venner og kjente som du vil ha med i lufta i det neste året.
Vil du vite litt meir?
Sommarsesongen går unna, og her kjem litt meir om kva som har skjedd sidan sist. Vilde slutta i si stilling som driftsansvarleg 30. juni. I tida vi var to tilsette fekk vi blant anna gjort ei opprusting av heimeside og booking for tandem, som framleis er under utvikling. Eg vil takke Vilde for innsatsen som vart lagt ned i ei hektisk tid. Det er no ei spennande tid med evaluering av 2024, og planlegging av neste år. Som ein del av dette vert det jobba med korleis ein på ny skal løyse det med ei stilling nr.2 i klubben. Meir informasjon kring dette kjem.
Bømoen
14. november vart områdereguleringsplan for Bømoen vedteke. I tillegg vart ikkje kravet om tvangsfråviking teke til følge. Det vil sei at tingretten ga Voss Fallskjermklubb medhald i å bli i Bømoen minst til juli 2026. Dette er absolutt eit positivt steg i riktig retning for utviklinga av idrett og luftsport på Voss. Vidare følger prosessen med å sikre framtidige rammevilkår og avtalar. Takk til alle som har delt og vist engasjement. Det er godt jobba av politikarane og fallskjermklubben v. Andreas og styret som har jobba for å behalde luftsporten der vi helst vil vere.
Kommunikasjon
Malene sit no på kontor i Vangsgata 45, så her kan ein stikke innom for ein prat og ein kopp kaffi eller te i arbeidstida. Elles kan ein ta kontakt på mail, malene@vosshpk.no, dersom ein har spørsmål og innspel til klubben. Klubben har eit eige nummer som er bemanna i arbeidstid. Dersom ein har viktig informasjon kring hendingar kan ein alltid ringe dette nummeret.
Voss HPK: +47 905 08 620